Fjord 1 melder at ferjesambandet Kvanne – Rykkjem er opna igjen, men at reisande må rekne med avvik frå oppsett ruteplan ein kort periode. Ferjetrafikken stoppa opp ein kort periode laurdag ettermiddag, på grunn av dårsleg vêr.

Fjord 1 melder at ferjesambandet Kvanne – Rykkjem er opna igjen, men at reisande må rekne med avvik frå oppsett ruteplan ein kort periode. Ferjetrafikken stoppa opp ein kort periode laurdag ettermiddag, på grunn av dårsleg vêr.
Vi har tidlegare skrive om utstilling av flyfoto og presentasjon av årsskriftet for 2013. Det skjer laurdag ettermiddag (23.11) i Todalen ungdomshus, med start på programmet kl 14.00. Torsdag kveld var det innsamling av flyfoto, og alt etter en times tid var det kome inn mange gamle flyfoto. Det var foto heilt attende til først på 1900-talet og framover til nyare tid. Det skal bli arti å sjå når dei kjem på veggen i Ungdomshuset.
Les heile sakaStangvik grendalag inviterer til basar og tombola laurdag 23. november kl. 16.00.
Les heile sakaForeløpig handlar det ikkje om produksjon av bilar ved Talgø Møbelfabrikk, men platene til dørken i lasterommet på WV Caddy og den nye transporteren WV T5 blir faktisk laga der. Talgø har fått ein langsiktig avtale på slik produksjon, og det passar godt til ledig maskinkapasitet, fortel produksjonleiar John Moe.
Les heile sakaAsfaltarbeidet ved rasområdet var ferdig, og sjåføren var på tur heim etter avslutta asfaltsesong da uhellet skjedde. I svingen ved Bleikhammaren møtte han bussen, og det vart litt knapt om plassen. Sjølv om farten var liten, gjorde glatta at sjåføren valgte å legge bilen oppi grøfta i staden for å kollidere med bussen.
Les heile sakaDen utenlandske sjåføren vart nok lurt av GPS’n, da han tysdag tok av i Melhuskrysset og kjørte gammelvegen mot Todalen. Det vart i allfall stopp da han kom til den overste svingen med sin semitrailer. Da måtte det kjettingar og redsningbil til for å kome på rett kjøl igjen.
Les heile sakaFørstkomande laurdag (23. november) er det julemesse i Nistua på Nordvik, der det er fleire utstillarar enn nokon gong, og dermed eit breitt utval av heimlaga produkt å få kjøpt. Det er stort utval i forskjellig julemat og ikkje minst mange julegåvetips som tilbys.
Les heile sakaDå har vi (forhåpentlegvis) for skikk på avstemninga i det nye systemet, og er klare for avstemning av månadens bilete for oktober.
Les heile sakaOgså i år har Nordmøre Ungdomslag gjeve ut juleheftet «Jul på Nordmøre». Dette er i følge skriftstyret eit ekte nordmørsprodukt, med stoff som er henta ut i frå nordmørske sjeler. I år er den 78. utgaven, med farger på 2. året. Denne utgaven har heile 5 sider med stoff om Olina Halle på Kårvatn. Stykkjet «Ho Olina» er ført i pennen av Eistein Bæverfjord, og gir eit innblikk i eit aktivt og innhaldsrikt langt arbeidsliv.
Les heile sakaBispevisitasen i Surnadal kommune starta søndag, med gudsteneste i Stangvik kyrkje som første punkt på programmet. Etterpå var det kyrkjekaffe i prestegarden, før sokneprest Bernt Venås inviterte biskopen til middag i prestegarden. Etterpå bar det til Todalen, der omvisning på Talgø utstillingssenter var første del av todalsprogrammet.
Les heile sakaFørstkommande onsdag er det middagsservering i Sanitetshuset igjen. Eldremiddagen serverer som vanlig god heimlaga middag med tilbehør. Etterpå blir det ei hyggestund med song og anna underholdning, og ikkje minst kaffe og noko godt å bite i.
Les heile sakaSøndag ettermiddag arrangerte trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa felles basar i Ungdomshuset. Her var det full fres og basarstemning av god gammel dimensjon. Det var mange fine premiar som skulle utloddast, og i tillegg var det tradisjonelt pilkast der både gammel og ung knivast om høge plasseringar.
Les heile saka