Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli medlem du óg!

Elinor Bolme Fredag 14. mars 2014

Mange har i desse dagar fått post frå todalen.no. No er tida inne for å fornye sitt personlege medlemskap hos oss.  Dei allereie 120 medlemmene har no fått faktura. Skulle det vere andre som føler for å bidra er dei hjertelg velkomne til det. For ein hundrelapp støttar du opp om nettstaden som no snart har vore i drift i 5 år.

Enten kan du settje 100 kroner inn på kontonummer 4040 15 70219, eller sende oss ein epost med di adresse, og faktura sendes (red@todalen.no). Ved direkte innbetaling er det veldig viktig at du i feltet for meldingar skriv KVEN det er som betalinga gjeld for, då betalar og medlem nødvendig vis ikkje treng vera same person.

Eit personleg medlemsskap i todalen.no gjev ikkje all verdas med fordelar, berre ein og annan profileringsartikkel. Derimot gjev vi fri tilgang til bruk av aktivitetskalenderen vår, møterett på årsmøta og ei eigarfølelse for sida. Styret og redaksjonen håpar dette også kan slå an for dei som er brukarar av sida utanfor bygda.

For andre medlemsskap for lag, organisasjoner og bedrifter, kan vi anbefale meir info HER.

Først publisert: 14. mars 2014, 08:00 - Sist oppdatert: 13. mars 2014, 21:31