På grunn av sterk vind og mykje regne har PT-utvalet beslutta å utsette julegrantenninga ved Matkroken L. Hals til måndag kveld. Vêrmeldinga for måndag ettermiddag er mykje betre, og da blir det julegrantenning med det same programmet kl 17.30.

På grunn av sterk vind og mykje regne har PT-utvalet beslutta å utsette julegrantenninga ved Matkroken L. Hals til måndag kveld. Vêrmeldinga for måndag ettermiddag er mykje betre, og da blir det julegrantenning med det same programmet kl 17.30.
November har vore i julemessenes teikn her på Nordmøre. Det starta med Rindalsmessa, og sia har det gått slag i slag. Laurdag var det Todalen sin tur, og julestemninga var til å ta og føle på i ungdomshuset. Dei fleste utstillarane var nok frå Todalen, men det var også innslag utabygds frå. Utstillarane hadde litt tå kvart å by på; både mat, strikkavarer, tresløyd og anna pynt.
Les heile sakaEirik Haukenes, som er videojournalist i NRK, var fleire dagar i Todalen for å lage stoff rundt hendingane dei første dagane etter raset i sommar da bygda var isolert frå omverda. Denne veka har han eit par dagar treft att mange av dei han interju den gongen, for å høyre korleis livet har arta seg […]
Les heile sakaFørstkommende søndag arrangerer PT-utvalget i Todalen julegrantenning på Matkroken. Her blir det besøk av nisse og servering av gløgg, kaffe og pepperkaker.
Les heile sakaFor oktober kan vi gratulere Marit Sanden Søyset som vinnar av månadens bilete med «Morgonstemning». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile sakaSøndag 1. desember arrangerer Todalen Sanitetsforening førjulskaffe i Sanitetshuset. Der blir det denne gongen eit litt annleis arrangement, sidan det er røykvarslarens dag denne dagen, noko Omsorgsberedskapsgruppa i saniteten ønsker å markere. Derfor kjem utrykningsleiarane i Todalen Brannkorps til Sanitetshuset for å demonstrer sløkking av brann kl 14.
Les heile sakaMed årsak i uværet melder Svorka at dei har problem med breibandleveransen innover til Todalen. Det er sett i gang feilretting, og Svorka Aksess rekar med at breibandsleveringa er på lufta igjen om ei lita stund. Ifølge Svorka ligg feilen i anlegget ved Bjønndulu.
Les heile sakaI morgon kjem NRK Møre og Romsdal til Todalen igjen. Det er Eirik Haukås som var utegåande reporter under dei verste dagane etter raset, som no kjem tilbake for å lage ein reportasje om tilstandane no når det har normalisert seg igjen.
Les heile saka118 dagar er no gått sidan raset tok med seg vegen uti stranda 31. juli. Og aller helst skulle det nok ha vore ei lita markering på det i dag, sidan alle spor etter oppryddingsarbeidet i dag vart fjerna. Betongrenoveringsmannskapet reiste i går, medan A Gjerde i dag sette opp rekkverket på nedsida av vegen.
Les heile sakaDå har vi endelig fått på plass Todalslista, etter eit års fråvær. Du finn den under menyen «Om Todalen» i toppen. Ta gjerne ein tur innom og sjå om du er oppført med korrekt adresse, og korriger den hvis du ser at noko er feil.
Les heile sakaMåndag vart monteringa av sikringsgjerdet ferdig – jobben var gjort for dei tre karane frå Bjerkvikfirmaet Betongrenovering Drift AS. Jobben har gått radigt, og dei har bruka 5 arbeidsveker på jobben med å sette opp det 6 meter høge sikringsgjerdet like ovafor vegen på rasstaden. Det er no gått 4 månader sia raset tok med seg ein bit av fylkesveg 671 ned på havets djup. Det skjedde onsdag 31. juli ca kl 9,45.
Les heile sakaMerk dykk tid og stad: Laurdag 30. november kl. 16 byr Stangvik kyrkje på årets konsertoppleving! Så å seie rett frå ovasjonar og fulle katedralar i Polen kjem Kristiansund Kammerkor med profesjonelt barokkorkester og framfører G.F. Handels knallsuksess «Messias».
Les heile saka