Merk dykk tid og stad: Laurdag 30. november kl. 16 byr Stangvik kyrkje på årets konsertoppleving! Så å seie rett frå ovasjonar og fulle katedralar i Polen kjem Kristiansund Kammerkor med profesjonelt barokkorkester og framfører G.F. Handels knallsuksess «Messias».
Les heile saka
Førstkomande laurdag er alle lokale nisseverkstader samla til «fabrikkutsalg» i Todalen ungdomshus. Dei opnar dørene kl 11, og held ope til kl 16. Det er Elinor og Kristine som har drege i gang denne julemessa, og dei har fått med seg dei fleste lokale aktørane i bransjen, og på plakaten er det stilt garanti for god julestemning.
Les heile saka
Det vil i løpet av neste døgn kome ein relativt stor nedbørmengde i distriktet . Saman med stigande temperatur kan regn og snøsmelting føre til raskt stigande vassføring og lokal oversvømming, med NVE i sitt flaumvarsel for 26. november. Det er difor viktig at vannvegar som slukar, kulvertar og stikkrenner blir haldne opne.
Les heile saka
I Todalen ungdomshus har det vore Cupfinale med stor stemning. Kampen blir vist på storskjerm, og eit trettitalss supportarar fulgte overføringa frå Ullevål stadion.
Les heile saka
Det vart ein skikkeleg mimredag for dei som møtte opp på Todalen historielags lansering av årsskrift for 2013 og utstilling av gamle flyfoto. Årsskriftet fanga stor interesse, og det vart både blaing og lesing og reinaste «husker du»-stemning for dei 50-tals frammøtte. Vidare utover dagen vart det sett fokus på utstillinga av gamle flyfoto, der det var kome inn eit stort antall og med variasjon i både alder og motiv.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag var det i allfall ikkje finvêret som lokka folk til Nistua på Nordvik på julemesse. Initiativtakar Torunn Nordvik var sjølvsagt skuffa over at det skulle bli regn og blåst, og berre 3-4 varmegrader når ho arrangerte julemesse. Men folket strøyma på og det var skikkeleg messestemning både i Mastua, stabburet og på utestandane.
Les heile saka
Fjord 1 melder at ferjesambandet Kvanne – Rykkjem er opna igjen, men at reisande må rekne med avvik frå oppsett ruteplan ein kort periode. Ferjetrafikken stoppa opp ein kort periode laurdag ettermiddag, på grunn av dårsleg vêr.
Vi har tidlegare skrive om utstilling av flyfoto og presentasjon av årsskriftet for 2013. Det skjer laurdag ettermiddag (23.11) i Todalen ungdomshus, med start på programmet kl 14.00. Torsdag kveld var det innsamling av flyfoto, og alt etter en times tid var det kome inn mange gamle flyfoto. Det var foto heilt attende til først på 1900-talet og framover til nyare tid. Det skal bli arti å sjå når dei kjem på veggen i Ungdomshuset.
Les heile saka
Stangvik grendalag inviterer til basar og tombola laurdag 23. november kl. 16.00.
Les heile saka
Foreløpig handlar det ikkje om produksjon av bilar ved Talgø Møbelfabrikk, men platene til dørken i lasterommet på WV Caddy og den nye transporteren WV T5 blir faktisk laga der. Talgø har fått ein langsiktig avtale på slik produksjon, og det passar godt til ledig maskinkapasitet, fortel produksjonleiar John Moe.
Les heile saka
Asfaltarbeidet ved rasområdet var ferdig, og sjåføren var på tur heim etter avslutta asfaltsesong da uhellet skjedde. I svingen ved Bleikhammaren møtte han bussen, og det vart litt knapt om plassen. Sjølv om farten var liten, gjorde glatta at sjåføren valgte å legge bilen oppi grøfta i staden for å kollidere med bussen.
Les heile saka
Den utenlandske sjåføren vart nok lurt av GPS’n, da han tysdag tok av i Melhuskrysset og kjørte gammelvegen mot Todalen. Det vart i allfall stopp da han kom til den overste svingen med sin semitrailer. Da måtte det kjettingar og redsningbil til for å kome på rett kjøl igjen.
Les heile saka