Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klar for nye utfordringar

Elinor Bolme Torsdag 19. juni 2014

I går kveld var det avslutning også ved Stangvik Oppvekstsenter. Heile 15 elevar takka for seg etter 7 år i lag, no klare for nye utfordringar ved Sursnadal Ungdomsskule til hausten. 3 av desse vart med frå Todalen Oppvekstsenter etter at dei to skulane var samanslegne sist skuleår.

FAU leiar Anne Saltrø Polden nytta høvet til å takke for eit fint skuleår på «nyskulen», til både tilsette, elevar og ikkje minst foreldra som hadde bidrege med dugnadsarbeid på uteområdet etter innflyttinga. Ho takka og Talgø og Surnadal Sparebank for dei fine benkane som hadde vorte skulen til del i vår.

Alle elevane hadde forebudd litt underhaldning til dei frammøtte, forutan 7. klasse som alltid har fri under dette arrangementet, kunne einingsleiar Bjørn Høivik fortelje. Men dei måtte uansett opp for å motta ei lita helsing frå ei bevega Laila Bævre Solli som hadde vore kontaktlærar det siste året deira. Ho hadde fått laga ei fin innbunde bok med tekster av kvar og ein av dei, samt bilder frå den populære Bjørnsundturen og avsutninga til klassen på paintballbanen på Kvanne.

Etterpå var det metersvis med kaffebrød og utlodning av FAU, som gjerne hadde sett at skulen kunne fått oppgradert scenefasilitetane med eit lydanlegg.

Under er eit lite bildegalleri frå underhaldninga, med ymse kvalitet i litt dårlege lysforhold. Alle foto ElinorB

Først publisert: 19. juni 2014, 07:00 - Sist oppdatert: 18. juni 2014, 23:39