Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biblioteket stengt

Elinor Bolme Torsdag 12. desember 2013

Karen Johanne Talgø melder om stengt bibliotek grunna stormen som herjar rundt hushjørna. Det blir høve seinare for dei som skulle ha levert inna dagens frist.

Les heile saka


Internasjonal kafe og Lussi Langnatt

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. desember 2013

Inviterer til internasjonal kafe og feiring av Lussi Langnatt i Skulstuå fredag den 13.desember kl 18.00. Nedafor har vi lagt ut nokre bilder frå siste familedag i oktober, då ni ulike nasjonalitetar var samla til sosialt samvær. Alle er velkomne!

Les heile saka

Ein takk frå elevane

Elinor Bolme Torsdag 12. desember 2013

Gjennom skuleåret så langt har elevane ved Todalen oppvekstsenter hatt felles skulemåltid til elevane. I den anledning har skulen fått gratis egg frå Pestuå til måltidet gjennom heile hausten.

Les heile saka

«På kanten av» …. – årets julerevy

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. desember 2013

Arbeidsgruppa som jobbar med julerevyen til 3.-dagsfesta er godt i rute. Laurdag startar billettsalget på Matkroken L.Hals til dei to revyforestillingane. Det blir nemlet ei forestilling på dagtid (kl 15.00) og hovedforestillinga som startar kl 20.00.

Les heile saka

Årets siste

Elinor Bolme Onsdag 11. desember 2013

Førstkommende lørdag arrangeres årets siste strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det som vanleg enkel servering og eit sosialt førjulsavbrekk med eller utan høveleg handarbeid.

Les heile saka

Brannvern og beltebruk

Elinor Bolme Tysdag 10. desember 2013

Elevane på Todalen Oppvekstsenter hadde i dag om brannvern ved feiarane Jon Nordvik og Hans Christian Hårstad.

Les heile saka

Uheldig billist – svake kanter

Jon Olav Ørsal Sundag 8. desember 2013

Eller kanskje var dei heldige? Ein bil hamna på taket i grøfta mellom Svinvika og Nordvik søndag kveld. Iallfall måtte dei ha hjelp av bergingsbil for å kome seg på vegen igjen. Det er no både glatt og svake snøkanter, så det er lett å hamne utafor vegen.

Les heile saka

Forsvarsforeningens medalje til Sjur Fedje

Jon Olav Ørsal Sundag 8. desember 2013

Laurdag hadde Sjur Fedje invitert slekt og venner til feiring av sin 80-årsdag i Sanitetshuset. Han hadde nok ingen aning om at det var «større ting» i gjære, og vart fullstedig overrumpla da han under feiringen vart tildelt Forsvarsforeningen medalje for sitt arbeid for foreningen.

Les heile saka

Makan til konsert!

Jon Olav Ørsal Sundag 8. desember 2013

Laurdag ettermiddag tok vi turen til Todalen kyrkje for å få med oss adventskonserten som felleskoret til Åsskard kyrkjekor og Todalskoret arrangerte. Dei var denne gongen forsterka med organist/pianist Tor Strand og Torgrim Tunes som las og fortalte om sine adventstankar.

Les heile saka

Den Gyldne Patron til NRK-journalist Eirik Haukenes

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. desember 2013

Det var knytta stor spenning til utdelinga av heidersprisen «Den Gyldne Patron» på Hjortfesta laurdag kveld. Festsjef Ragnar Halle utløyste spenninga da han opna konvolutten og kalla Eirik Haukenes opp på scena i Todalen Ungdomshus. Eirik Haukenes jobbar som videojournalist hos NRKs distrikstskontor i Kristiansund, og var stasjonert i Todalen nokre dagar etter at raset isolerte bygda onsdag 31. juli i år.

Les heile saka

Snøfokk og uføre på vegane

Jon Olav Ørsal Fredag 6. desember 2013

Utover føremiddagen fredag har det vore eit tett snørokk, og braøytarane har sitt fulle hyre med å halde vegane opne for trafikk. Anders A. Karslsen ber folk om å være forsiktig i trafikken på grunn av det glatte føret.

Les heile saka