Surnadal Arbeiderparti inviterer til 1. mai arrangement ved Surnadal kulturhus 1. mai. Årets hovedtalar er AUF-leiar Eskild Pedersen, med påfølgjande apell av Ida Andrine Heggset. Mons Otnes leier det heile.
Les heile saka
Surnadal Arbeiderparti inviterer til 1. mai arrangement ved Surnadal kulturhus 1. mai. Årets hovedtalar er AUF-leiar Eskild Pedersen, med påfølgjande apell av Ida Andrine Heggset. Mons Otnes leier det heile.
Les heile sakaStikkUt! er Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal i samarbeid med fleire kommunar i fylket si satsing for å få fleire folk ut på tur. Dei ulike kommunane har valgt ulike turmål med variert vanskelighetsgrad. Turne skal være fra de lette (grønn løype) der alle kan ferdas trygt og det kreves ingen spesielle ferdigheter, til krevande turer (rød løype) for erfarne turgåere med god utholdenhet.
Les heile sakaPåska er over for i år, og vi har klar avstemninga for å finne årets tredje vinnar av månadens bilete. Vi har nokre bilete i køa, men send gjerne inn fleire bilete som vi kan bruke som dagens bilete.
Les heile sakaSå snart påska er det «dags» for meir vår og sommaraktivitetar. Skiene blir sett bort og det er fram med sykkelen og nye joggesko. Eit sikkert vårtegn er også at ein startar førebuing på meir liv ute i hagen, med grilling av hagestell. På Gammelfabrikken er det ikkje noko unntak, og tysdag etter påske var Magne Søyset og Einar Husby i gang med vårpussen på terrassane.
Les heile sakaRundt 80 tilhøyrarar hadde funne vegen til Haugligardane til gudsteneste 2. påskedag. Sjølv om det stort sett har vore finvêr dei siste 10-15 åra at denne tradisjonen har eksistert, sette nok årets friluftsgudteneste rekort både vêrmessig og når det gjeld besøkstal.
Les heile sakaEtter at brannmannskapet i Todalen tidlegare i vinter var på todagers kurs og fekk med seg heim ein splitter ny hjartestartar frå Norsk Luftambulanse, vart det plutseleg to hjartestartarar i bygda. Todalen Sanitetsforening starta derfor jobben med å omplassere den som brannmannskapet fram til mars hadde hatt forvaltningsansvaret for.
Les heile sakaLettskya og 13 varmegrader – og bitte liten vindtrekk (1 m/sek) frå sør-vest! Det er vermeldinga for Todalen til 2. pinsedag, da Todalen sokneråd og trimgruppa i Todalen I.L. inviterer til friluftsgudsteneste på Haugligardan. På Haugligardan er det i ferd med å bli grønt, og finare tilhøve for friluftgudsteneste kan ein vel ikkje få?
Les heile sakaDen som ferdes i skog og mark har nok lagt merke til at både blåbær- og tyttebærlyngen er brun og virkar heilt livlaus. Det ser ut som ein lang og tørr barvinter har teke knekken på både blåbær- og tyttebærlyngen. Røsslyng og anna lyng ser også ut for å ha lidd same skjebne. Er det over og ut for blåbær og tyttebær for lang tid framover?
Les heile sakaDen offisielle kjerringdilten ved Skihytta på Ørsalfjellet vart avlyst i år på grunn av føretilhøva, og slik tilhøva var når avgjerda vart teken var nok grei. Det var meldt tildels stor nedbørsmengder på skjærtorsdag som nok hadde sett ein stoppar for arrangementet. Været og værmeldingane har vore turbulente den siste tida, og mot alle odds vart det ein fin dag med godt føre for dei som tok seg til fjells.
Les heile sakaDriva.no og adresseavisa har i dag oppslag om eit dobesøk utanom det vanlege på hyttetyr på nordvik. Gunnar Nordvik har nemleg hytte med utedo ovafor Nordviksetra, og på utedoen på hytta har ein grevling teke tilhald. Da onkelungen Ada (7) skulle på do vart det «full alarm».
Les heile sakaHøgtider og brudd i mobilsambandet hører saman i Todalen! I morgontimane langfredag er både Telenor Mobil og Netcom ute av drift. Det er nok Telenors linje inn til Todalen som ei feikilda denne gongen også, da begge netta fall ut samtidig. Kor lang tid det tek før feilen blir rette kjenner vi ikkje til. Vi oppfordrar folk som har tilgang til telefonlinje til å ringe feilmeldinga slik at feilretting kan bli snarast muleg. Siste: Både Telenor Mobil og NetCom kom på lufta igjen i 15-tida.
Les heile sakaKristiansund festivalkonsert og solist Sigrid Vetleseter Bøe gjesta skjærtorsdag ettermiddag Todalen med sin Påskekonsert. Mellom 80 og 90 konsertsugne publikum hadde mått fram i Todalen kyrkje for å la seg underhalde av sopranen Sigrid V. Bøe og festivalkvartetten, som betod av Alex Robson på fiolin, Åshild Breie Nyhus, fiolin, Anders Rensvik, bratsj og Joakim Munkner på cello. Og publikum fekk valuta for pengane!
Les heile saka