Ingen tvil om anna enn at skismørjarane i Sotsji har har knekt koden for skiføre og smørjeproblem på tampen av OL-konkurransane. 30-km fellesstart for damer gikk bokstaveleg som smurt, og dei sikra tredobbel seier, og det nerast utan konkurranse. Det var ikkje noko stort oppmøte i Kaffekroken på Halsbua, men dei som var der fulgte […]
Les heile saka
Ingen tvil om at Eldremiddagen har hatt et aktivt år i 2013. Sist onsdag hadde de årsmøte i forbindelse med eldremiddagen, og da var det tid for litt oppsummering og tibakeblikk på 2013. Vi har fått et utdrag av årsmeldinga fra Reidun Østvik som er styremedlem i eldrmiddagen. Hun skriver i referatet «REFERAT FRA ÅRSMELDINGEN […]
Les heile saka
Sjakk har vorte utruleg populært etter fokusen frå Sjakk-VM. Sist det var sjakkveld på Matkroken var det samla 13 spelarar, og det var stor interesse for å arrangere fleire kveldar, fortel Trygve Halle som er ein av initiativtakarane. Førstkomande søndag (23. 2) vil sjakkgjengen samlast igjen, og det skjer på Matkroken kl 19.30.
Les heile saka
Førstkomande søndag (23.2.) arrangerer Todalen historielag årsmøte i ungdomshuset. Årsmøtet startar kl 14, og etterpå blir det vanleg medlemsmøte. Svein Åge Saksen viser filmen «Todalsfjorden minutt for minutt» med lokalkjente kommentatorar. Her kan du laste ned plakaten med fullstendig sakliste, og sjølvsqagt er det traktering.
Kvar torsdag møtes eit knippe spreke damer til trim i gymsalen på Todalen Skule. Dette tilbudet har eksistert i alle dei år, faktisk bortimot ein mannsalder fann nokre av dei frammøtte ut i går. I tidlege tider, før dagens gymsal vart påbygd var instruktøren Jean Kvendset, før Ann Kristin Nerland Bruset tok over.
Les heile saka
Brit Grønmyr, oppvakse i Steinarstua er kjent for dei fleste av oss som ei naturglad og turorientert dame. For fire dagar sidan sa ho opp jobben sin som mjløvernleiar i Rauma kommune til fordel for ei nyoppretta stilling som nasjonalparkforvaltar i Møysalen Nasjonalpark i Nordland. Her vil ho blandt anna vera sekretær for nasjonalparkstyret som vart oppretta av miljøverdepartementet våren 2013 med ordførarane i kommunane Hadsel, Lødingen, Sortland og Vågan saman med ein representant frå Nordland fylkeskommune og ein frå Sametinget.
Les heile saka
Då er årets første månadens bilete klart, og for januar kan vi gratulere Siri Schwabe Moe som vinnar. Kanskje var det savnet etter ei anna årstid som blei utslagsgivande? Det var særdeles jamnt i månadens avstemning, med fem stemmer som skilte dei tre mest populære bileta.
Les heile saka
Talgø melder idag på sine nettsider at MøreRoyal® no har fått utarbeida miljødeklarasjonen EPD. Dette er eit resultat av Talgø sitt fokus på miljø og dokumentasjon, og er eit viktig redskap opp i mot deira kunder. Hensikta med deklarasjonen er at kunden skal kunne sammenligne miljøprofil og foreta ei vurdering og eit valg basert på miljødeklarasjonen.
Les heile saka
Med fellesgudsteneste i Stangvik vil kyrkjelydane i Surnadal søndag markere 200-årsminnet for grunnlova.Etter gudstenesta, med både liturgisk og musikalsk innhald som mange vil kjenne seg att i, er det kyrkjekaffe og tilbakeblikk på grunnlovsåret 1814. Råg Ranes vil ta for seg dei historiske hendingane frå den gongen.
Les heile saka
I dag har mange bebuarar på strekninga Haugen-Bruset fått orientering frå Surnadal kommune angåande vegnamnet på fylkesveg 671 i brevs form. Etter lang tids arbeid, byrjar no vegnamnbrikkane å falle på plass fortel Sølvi Irene Fuglås, tekninsk konsulent ved Surnadal kommune. Kartverket har tidlegare vedteke at det skal tildelast offisielle vegadresser i heile landet, slik at adressa skal hjelpe besøkande, redningstenester og andre å finne fram.
Les heile saka
Søndag kveld 23. februar er det gudsteneste i Todalen kyrkje, med sokneprest Bernt Venås. Gudstenesta startar kl 19.30. Prekenteksta er denne kvelden frå Matt. 17, 1-9.
Neste torsdag møtes Surnadal pensjonistlag til årsmøte. Det skjer på møterommet til Surnadal sjukeheim, torsdag 27. februar kl 15.00. På saklista står mellom anna vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val.
Les heile saka