Denne helga har det vore fylkesårsmøte i Møre og Romsdal sanitetsforening. Etter valet er det klart at det blir leiarskifte, etter at Elinor Bolme frå Todalen tek over leiarklubbe etter Solveig Fosseide frå Rindal. Fylkesårsmøtet har foregått på Hotell Alexandra i Molde, der det har vore fleire utsendingar på plass frå Todalen sanitetsforening, fortel Ragnhild A. Moe som har sendt oss bilete frå årsmøtet.
Les heile sakaSaniteten: Sko, klær og leiker i lange baner
Todalen sanitetsforening hadde laurdag klesinnsamling i Sanitetshuset på Kvennset. – Og folk kom med både klær, sko og leiker i både sekkar og kartonger, og Synnøve og Kristine lasta sekk på sekk inn i reiskapshuset utafor Sanitetshuset. Seinare skal dette transporterast til Estland, for utdeling til barneheimar og andre som treng det.
Les heile sakaFørst kamp mot Bøfjorden
Årets første seriekamp i fotball for a-laget til Søya/Todalen ble spilt på banksletta fredag. Motstander Bøfjorden kom med alle sine beste menn. Disse kampene har de siste årene vært tette og jevne. Lagene kjenner hverandre godt og det ligger ekstra mye prestisje i å vinne. Fredagens kamp var ikke noe unntak i så måte. Søya/Todalen klarte å dra hjem seieren med knappest mulig margin. 1-0 etter skåring av Ola Heggset.
Les heile sakaStarta ny tursesong til Haltbakkan
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag starta ny sesong med tur til Haltbakken sist torsdag. 34 deltakarar var med på årets første stavgangtur i det fine vår vêret, der gradstokken nærma seg 20-talet. Frå Haltbakken fekk gjengen ein fantastisk flott utsikt innover mot Sula og Nordvik, flott innramma med Todalsfjella i bakgrunnen. Ved grillhuset til Magnar Gjeldnes vart det ein lang kaffepause, før returen gikk via Sjøtrøa og innover mot Åsbøhagen og til Rabblèet.
Les heile sakaDagen vart ikkje som planlagt!
Kvelden 30. mars er det mange som ikkje kjem til å gløyme. Da skjedde det som kom til å forandre livet til Eirik Halle og familien hans. Eirik (22) hadde invitert ein gjeng med studievener til Todalen, for at han ville vise fram heimbygda og for at dei skulle ha ei frihelg saman.
Les heile sakaVårdugnad på kyrkjegarden
Soknerådet og kyrkjeverja inviterer til vårdugna på kyrkjegarden måndag 28. april frå kl 18.00 og utover. Med felles innsats ordnar vi opp på kyrkjegarden, og ryddar bort rusk og rask etter vinteren. Ta med høveleg redskap som trillebår, spett, rive eller spade og kom og bli med offordrar ledar i soknerådet, Ildri S. Øyen. Sjølvsagt blir det dugnadskaffe.
Les heile sakaPipelife får besøk av Senioruniversitetet
Tysdag 29/4 besøker Senioruniversitetet for Indre Nordmøre bedrifta Pipelife i Surnadal. Denne bedrifta vart i si tid starta av valsøyfjordingen Martin Botten. Han var under 2. verdskrigen utkalla til tvangsarbeid i tilknytning til utbygginga av kalkgruva i Surnadal. Martin slo seg i lag med ei surnadalsdråk og etablerte seg i Surnadal som murar. Sidan vart det større entreprenørverksemd, med produksjon av mørtel, bygningsstein, betongrør m.m.
Les heile saka1. mai arrangement i Surnadal
Surnadal Arbeiderparti inviterer til 1. mai arrangement ved Surnadal kulturhus 1. mai. Årets hovedtalar er AUF-leiar Eskild Pedersen, med påfølgjande apell av Ida Andrine Heggset. Mons Otnes leier det heile.
Les heile sakaStikk ut!!
StikkUt! er Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal i samarbeid med fleire kommunar i fylket si satsing for å få fleire folk ut på tur. Dei ulike kommunane har valgt ulike turmål med variert vanskelighetsgrad. Turne skal være fra de lette (grønn løype) der alle kan ferdas trygt og det kreves ingen spesielle ferdigheter, til krevande turer (rød løype) for erfarne turgåere med god utholdenhet.
Les heile sakaStem på månadens bilete for mars
Påska er over for i år, og vi har klar avstemninga for å finne årets tredje vinnar av månadens bilete. Vi har nokre bilete i køa, men send gjerne inn fleire bilete som vi kan bruke som dagens bilete.
Les heile sakaNo kjem våren kjem for fullt….
Så snart påska er det «dags» for meir vår og sommaraktivitetar. Skiene blir sett bort og det er fram med sykkelen og nye joggesko. Eit sikkert vårtegn er også at ein startar førebuing på meir liv ute i hagen, med grilling av hagestell. På Gammelfabrikken er det ikkje noko unntak, og tysdag etter påske var Magne Søyset og Einar Husby i gang med vårpussen på terrassane.
Les heile sakaRundt 80 kom til friluftsgudstenesta
Rundt 80 tilhøyrarar hadde funne vegen til Haugligardane til gudsteneste 2. påskedag. Sjølv om det stort sett har vore finvêr dei siste 10-15 åra at denne tradisjonen har eksistert, sette nok årets friluftsgudteneste rekort både vêrmessig og når det gjeld besøkstal.
Les heile saka