Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premiere for sjøvegs transport til Vestlandet

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2015

Til våren blir det oppretta permanent båtanløp for Sea Cargo til Surnadal Hamn. Det er båten «Sea Cargo Express» som kvar veke går mellom Trondheim og Aberdeen som kjem til å stikke innom Surnadal hamn – som ein avstikkar frå anløpet i Kristiansund. Torsdag var det ein slags førpremiere på denne ruta, da «Sea Cargo Express» kom innom for å hente 700 m3 med MøreRoyal-produkt frå MøreTre – som skal leverast på turen nedover Vestlandet, før båten styrer over til Aberdeen i Skottland.

Lasting_SurnadalHamn_5315

lastinga er i gang på Surnadal hamn – 700 m3 skulle lastast ombord, og det tok tid. Foto: Jon Olav Ørsal

Frå våren kjem desse anløpa til å kome i meir faste former, og da vil det nok bli hyppige anløp når det er inn- eller utgåande frakt som er meldt inn. Båten vil mellom anna frakte trefiberplater inn til Talgø og ferdigvarer ut frå MøreTre for distribusjon nedover Vestlandet, samt råstoff for rørproduksjon hos PipeLife, fortel logistikksjef hos Talgø Invest Ole Lie.

oleLie_SeaCargoExpress_5223

Logistikksjef i Talgø, Ole Lie, «tok i mot» Sea Cargo Express ved Torvika i 8-tida torsdag morgon. Foto: Jon Olav Ørsal

Båten kom frå Trondheim, og gikk innover Surnadalfjorden i grålysinga. Det er litt tidkrevjande å laste 700 m3 med trelast, og den kom seg ikkje vidare i retning Molde før langt utpå ettermiddagen. Videre skal den anløpe Ålesund, Forø, Bergen og til slutt Tananger – før den setter over havet til Aberdeen i Skottland.

Fotogalleri frå Sea Cargo Express sin svipptur til Surnadal hamn.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 5. mars 2015, 20:38