Ungdommar frå tre kommunar – Halsa, Surnadal og Rindal – vil sprudle over av kulturelt pågangsmot og skaparglede på laurdag. Dei fleste av dei femti ungdommane stiller frå scena – og vil levere årets mest varierte konsert. Og det er det som er vitsen med Ungdommens Kulturmønstring: få fram spennet i alt ungdommane driv med.
Les heile saka
Stangvik historielag inviterer til årsmøte onsdag 4. februar kl 19.15, melder styret. Det skjer i Stangvik oppvekstsenter, og dagsorden er vanlege årsmøtesaker – og sjølvsagt servering. I samband med årsmøtet vil Lars Steinar Ansnes orientere om status for Søyådalsboka.
Karen Johanne Talgø melder om at biblioteket blir stengt torsdag 29.1. Men neste veke har vanleg åpningstid; 18-20.
I ei pressemelding fra styreleder Finn Talgø og dagleg leiar Elmer Talgø ved T-komponent i Rindal, framgår det at T-komponent nå legger ned limtreproduksjonen i produksjonslokalene i Bjergen, Rindal fra 1. juli 2015. Ca. 10 ansatte vil bli berørt av dette.
Les heile saka
Tysdag kveld var breibandet til Svorka Aksess ute av drift i Todalen. Problema oppstod i like før kl 20, men kom kom i drift igjen i løpet av ein halvtimes tid. Nettsiden til Svorka var også nede i denne perioden. No fungerer breibandet normalt, og Håkon Solvik bekrefter at det var ein sentral switch som slo ut heile Svorkanettet. Denne blir no bytta.
Kl 21.35 melder Svein Olav Moe på Todalen.no si facebookside at ferga går igjen.
Les heile saka
Todalen historielag samla eit 50-tals medlemar og andre til «historisk ettermiddagskaffe» i ungdomshuset. Gunnvald Bøe heldt eit interessant kåseri om gamle ord og utrykk frå Nordmøre – Historielaget tok oss med på digital tur rundt bygda, med både nye og gamle bilder. Vi har skikkeleg respons på arbeidet vårt, seier leiar i Todalen historielag John Moe, til Todalen.no, – som sjølvsagt var der….
Les heile saka
Onsdag kl 19 blir det oppstart med volleyball i gymsalen ved Todalen skule igjen. Det er den yngre garde i bygda som dreg i gang arrangementet, men dei håper at den eldre garde stiller også.
Laurdag var det samling til familiedag med fokus på produksjon av starrabur og dinosaurkosedyr. Line Kvendset fortel at familiedagen er ei uformell gruppe som treffest ein gong for månaden, eller når det passar slik. – Sosialt og artig, og så finn vi på eit eller anna som vi kan gjera i lag og kanskje lære litt av kvarande. Denne dagen var det fuglekasser, eller starrabur, som stod på plana. Og litt symaskinbruk, med produksjon av dinosaurkosedyr.
Les heile saka
Etter siste mildvêret vart det skart og hardt føre i den nye lysløypa på Tjønnmyran. Laurdag ettermiddag vart heile løypa fresa skikkeleg opp, og det var køyrt på nytt spor. Ypperleg forhold for den som vil ta seg ein ettermiddags- eller kveldstur i løypa, fortel Ståle Ansnes som var der med traktor og løypemaskina.
Les heile saka
Søndag 25. januar kl 11.00 er det gudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje, melder Todalen sokneråd.
Takkoffer. Alle er velkomne!
Ein skokk med rådyr – 5 i talet denne larurdagen – er på tur attende til skogen, etter den dagelege turen til flomålet ved Bordholmen. Da gjeld det å følge tidtabellen for flo og fjøre, slik at det blir litt mat å finne.
Les heile saka