Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tapt og funnet II

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mars 2015

Det er enkelte gong at det er vanskeleg å finne eigaren til ting som ein finn – eller som er att gløymt. Olaug Kvendset har teke vare på jakken på biletet over. Den er etterlatenskap etter 3.-dagsfesta i jula – ein svart dynejakke med merket Sir Joseph. I tillegg har ho funne eit par solbriller i Sandstadkrysset som også saknar sin eigar. klikker du videre finner du bilde og kontaktinformasjon.

Les heile saka


Premiere for sjøvegs transport til Vestlandet

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2015

Til våren blir det oppretta permanent båtanløp for Sea Cargo til Surnadal Hamn. Det er båten «Sea Cargo Express» som kvar veke går mellom Trondheim og Aberdeen som kjem til å stikke innom Surnadal hamn – som ein avstikkar frå anløpet i Kristiansund. Torsdag var det ein slags førpremiere på denne ruta, da «Sea Cargo Express» kom innom for å hente 700 m3 med MøreRoyal-produkt frå MøreTre – som skal leverast på turen nedover Vestlandet, før båten styrer over til Aberdeen i Skottland.

Les heile saka

Kvinnenes Internasjonale bønedag 2015

Einy Rendal Elgsæther Torsdag 5. mars 2015

Kvinnenes bønedag starta i 1887 i USA og samlar i dag kvinner i meir enn 170 land til bønesamlingar på same dag, første fredag i mars. Det har også vorte tradisjon å ha møte på Kyrkjelydshuset i Surnadal kvart år. I år er samlinga fredag 6. mars kl 18.00.
Programmet er laga av kristne kvinner i Bahama i Karibia med fokus på ofre for vald i heimen. Gjennom Bibelselskapet støttar vi opplysningsarbeid og bibelspreiing. Alle er velkomne.


Tapt og funnet…

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2015

Er det du som har mista ein optisk hjerterytmemålar for pulsklokke utafor «Hett & Svett», så er den funne – og i god behald.  Ta kontakt med Carina Talgø (tlf 92043327) så får du den att!


Nytt kunstlotteri

Elinor Bolme Torsdag 5. mars 2015

I år, som tidlegare år har Todalen Sanitetsforening kjøp inn kunstverk av ein lokal kunstnar som skal loddast ut gjennom heile året, med trekning i desember. Denne gongen vart det anskaffa to bilder, av Odd Skrøvset. Mange har allerede kjøp lodd, men da utan å vite eksakt kva dei kjøpte for. Dette var under fastelavnsrissalget på Matkroken midt i februar.

Les heile saka

Hytte til sals på Kårvatn – søndag er det visning!

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mars 2015

Det er ikkje så ofte at det byr seg anledning til å kjøpe hytter eller fritidshus i Todalen. Men no er det ei hytte til sals på Kårvatn, i hyttefeltet innafor Plassen, like ved Nauståfossen. Hytta ligg på sjølveigartomt, og har veg fram til tomta.

Les heile saka

Sakliste klar

Elinor Bolme Onsdag 4. mars 2015

Også todalen.no har si sakliste klar før årsmøtet neste tirsdag i ungdomshuset. Her er ordinære årsmøtesaker, ein gjennomgang av året som gjek og litt enkel kortreist servering. Og naturleg vis utdeling av Årets Bilde.

Les heile saka

Månadens bilete: På skattejakt

Ole Petter Talgø Tysdag 3. mars 2015

Etter ei lita forsinking, kjem her resultatet etter avsteminga av månadens bilete for januar. Vi kan gratulere Venja Lian som vinnar med biletet «På skattejakt». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.

Les heile saka

Arbeidet med rassikring må forserast

Elinor Bolme Tysdag 3. mars 2015

Søndag skjedde det igjen. 4 bilar vart tekne av skred, 11 personar var i livsfare, og nok ein gong var marginane på rett side slik at alle dei involverte slapp frå hendinga i live. Denne gongen var det eit 50 meter langt snøskred med ei høgde på to meter tettpakka snø, som trefte køyretya på hovudvegsambandet nord-sør langs Vestlandet, Europaveg 39. Dette skriv Nasjonal Rassikringsgruppe der Lilly Gunn Nyheim er Møre og Romsdal sin representant, i ei pressemelding i går.

Les heile saka

Karnevalstid i barnehagen…

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mars 2015

I Todalen barnehage har det vore karneval, og Jorunn Nordvik har sendt oss eit bilete av gjengen i flotte kostymar. I ein e-post skriv Jorunn: «Fredag var det duket for karneval i barnehagen. Vi har hatt nedtelling til dagen lenge (!), og alle stilte i flotte kostymer.  Tradisjon tru var det dans til samba-rytmer, limbo og vi slo «katta ut av sekken»».


Onsdag: Hundre år med Dampen i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mars 2015

Bernt G. Bøe vil ta med publikum på ei spennande hundre år gammal ferd på Surnadal kulturhus onsdag 4. mars kl. 13.30: «Dampen» var sjølve blodomløpet for Nordmøre frå 1857 til «Kvernes» gjorde siste tur i 1959.

Les heile saka