Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Onsdag: Hundre år med Dampen i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mars 2015

Bernt G. Bøe vil ta med publikum på ei spennande hundre år gammal ferd på Surnadal kulturhus onsdag 4. mars kl. 13.30: «Dampen» var sjølve blodomløpet for Nordmøre frå 1857 til «Kvernes» gjorde siste tur i 1959.

Dampen UKJ Snekkvika

Dampen ved kaia/bua i Snekkvika for ca 100 år sia. Foto frå Bøfjorden Historielags arkiv.

Bernt G. Bøe tek ikkje berre for seg kor viktig dampbåtane var for å frakte gods og folk, men også kor mykje liv dei skapte både om bord og ved dei ulike kaianløpa. På dette onsdagstreffet vil det bli vist bilete av båtar og livet rundt kaiene.  Men om kvardagen var spennande nok, kunne livet om bord bli for dramatisk – som under krigsåra. Bernt G. Bøe tek også for seg da det gjekk gale, som ved forliset til «Statsraad Riddervold» i Bøfjorden i 1944.

Men Bernt G. Bøe vil også vie tid på onsdagstreffet til dei artige anekdotane og dei gode historiene frå ei tid som er forbi, men som mange har rike minne frå.

Publisert: 2. mars 2015, 13:42