På Surnadal kommune si heimeside er referat frå alle 4 grendamøta vedrørande kommunereforma no lagt ut. Her fordelt på den enkelte krets, også med oppsettet over kva for kommunekonstellasjon den enkelte oppmøtte kryssa av i dei 4 kretsane Mo , Todalen, Stangvik og Bøfjorden og Bæverfjord (felles).
Les heile saka
Tirsdag kveld meldes det om at todalens einaste fotballag startar opp med sesongens trening fram mot ein spennande fotballsesong. Da entrar knøttane Bordholmen kl 18, og startar med utetreningane sine. Det betyr at innetrening på Todalen skule på mondagar fell bort.
Les heile saka
Komande søndag går søndagsturen til Halsa. Det er oppmøte på Halsanaustan ved Halsa ferjekai, før «ekspiedisjonen» går vidare derifrå til Åkvikhola med Tore T. Halse som lokalkjent guide.
Les heile saka
Denne gongen er vi komne til Brusetgrenda i Todalen Historielag sitt bildearkiv på tur rundt Todalen med bildeseriar frå eldre tider. Denne gongen er det frå Ner Nesset til Elvagrd som er presentert. Meir teksting inne på det enkelte bilde.
Les heile saka
Årsmøtet i Todalen Idrettslag samla i år som i fjor 22 medlemmer til ein gjenomgang av lagets aktiviteter i 2014. Dei enkelte underavdelingane og hovedstyret la fram sine respektive årsmeldinger, i tillegg til at kasserar Tormod Kallseth gjekk i igjennom rekneskap og budsjett. Årsmeldingane, rekneskap for 2014 og budsjett for 2015 vart også denne gong godkjent av dei frammøtte.
Les heile saka
Da vi var innom og kika på påskesalet hos Kårvatn Fjellustyr i påskeveka, trefte vi Tove Fugelsnes frå NRK der. Ho lova oss å kome med eit hint om når opptaka frå Kårvatn skulle kome på lufta, og i dag «tikka det inn» ei kort melding om at det kjem stoff derifrå både i «Friluftsmagasinet laurdag» og «Naturens verden på søndag».
Les heile saka
Etter ei fin påske er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for februar. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden. Stem på din favoritt nederst på sida. Du kan stemma ein gong i døgnet (kvar 24. time) […]
Les heile saka
I dag var det Eistein Bæverfjord og Olina Halle som var aktørar på onsdagstreffet i Surnadal kulturhus. Kammerset var fullsett av interesserte og fornøgde tilhøyrarar! Bæverfjord viste klipp frå filmen han lagar om krigsminne frå Surnadal. Bæverfjord er komen langt i innsamlingsarbeidet, men Stangvika og Røgrenda er enno ikkje besøkt. Klippa han viste var interessante, så det er berre å gle seg stort til det blir filmpremiere i september! Bæverfjord opna for innspel frå salen, og han fekk ein del gode tips han kan ta med seg i det vidare arbeidet.
Les heile saka
I Oppistua på Hjellnes er det ein stor flokk med utangarsau som no er klare for lamming – 4-5 sauer har alt lamma, og til no er det kome 7-8 nye og svarte lam. Nils Erik som går siste året i barnehagen i Todalen, har mesta ikkje tid til å være i barnehagen no. Og […]
Les heile saka
Vi har på følinga at den politiske aktiviteten aukar dag for dag no, etter kvart som våren kjem og sommaren nærmar seg. Arbeiderpartiet samla sine listekandidatar i Brusetmarka tysdag kveld – først for fotografering hos StudioSaksen, og etterpå til samling på Gammelfabrikken. Der var det temakveld – først med orientering om Talgøkonsernet i fortid, notid og framtid og etterpå ein interessant gjennomgang av interessant fylkesstatistikk
Les heile saka
I gamle dagar, før det vart bygd veg utover Stranda til Snøyå og vidare utover, var det ein kløvveg utover lia frå Todalshaugen til Hjellnes. Komande søndag vil Todalen historielag prøve å finne att denne vegen, fortel leiar i historielaget John Moe. Han har fått med seg Gudmund K. Kvendset som kjentmann på turen, og inviterer herved om det er fleire som har lyst til å være med.
Les heile saka
Faktura for personleg medlemsskap for 2015 er no sendt ut til dei av dere som har meldt seg som bidragsytere her på todalen.no. På årsmøtet i fjor vart kontigenten auka frå 100,- til 150,- og dette er med og dekkjer utgifter vi har til drift og vedlikehald av nettstaden.
Les heile saka