Torsdag var det celebert besøk på Todalsfjorden – 6-7 spekkhoggarar stakk innom på ein lynvisitt. Etterpå forsvann dei like fort som dei kom – da bars det utover fjorden med dei igjen. Ein observant lesar oppdaga spekkhoggarane på tur innover fjorden, og trudde først at det var niser som var på besøk. Men oppdaga etter kvart at det var noko som ikkje stemte. Ein kjapp telefon, så var vi påkobla og vi fann dei raskt på den speilblanke havflata.
Les heile saka
Onsdag ettermiddag kunne leiar Bitten Ranes i Pensjonistforbundet Surnadal ønske velkomen til knappe hundre medlemar på 50-års festa på Thon Hotel Surnadal. Totalt har ho 270 som er medlemar innafor kommunens grenser og 8.000 i MR-fylke, medan det på landsbasis er rundt 250.000 som er medlem.
Les heile saka
Stangvik Grendalag minner årsmøtet på Bryå torsdag 27. februar kl. 19:00.
Les heile saka
På morgenkvisten i dag tikka det inn ei pressemelding frå Svorka. Her får vi informasjon om dei fem planlagde utbyggingsprosjekta av fibernettet i år. Tre av prosjekta er i Rindal kommune, medan dei to siste er i Surnadal kommune. Pressemeldinga kan du lese nedanfor:
Les heile saka
Tysdag kveld hadde Nordvik Grendalag kalla inn til årsmøte i Nordvik forsamlingshus. Ifølge rapporten vi har motteke frå årsmøtet, så var det ordinære saker som stod på sakskartet og enkel servering.
Les heile saka
Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte onsdag 5. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. I samsvar med lova til idrettslaget, så legg styret i no fram komplett sakslista og årsmøtedokumenta.
Les heile saka
Tysdag kveld var det høve til å ta med seg lesta til stopping eller om du heller vil saume på ei bot på ei Olabrok – eller kanskje berre reparere ein armkrage på ein genser. Iallfall var det ein slik bøtarkveld i Skulstuå denne kvelden i kombinasjon med litt spell og konkurranse, og eit slag med amerikaner i all vennlegheit.
Les heile saka
Fredag 28. februar frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til fastelavensutsal i bakeriutsalet sitt. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffen i fastelaven, som er på søndag. Forresten har ski-VM i Trondheim også, så da kan det vere lurt å ha noko godt på lur for å feire eventuelle medaljer!
Les heile saka
Det er slett ikkje berre todalingar som går tur og trimmar i Toåa tursti. Tysdag trefte vi denne gjengen som var på venninnetur og som hadde rusta seg ut med både kaffekanne og noko å bita i. Vêrgudane stilte seg sjølvsagt frå si beste side, slik at det var fint å rigge seg til ved gapahuken i Båthølen, som altså er ein del av Toåa tursti.
Les heile saka
Siste måndagen i februar kom med strålande sol frå knallblå himmel. Ein topp dag for kløvertur!
Les heile saka
I helga fekk Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) vite at dei hadde fått ei pengegåve på 10.000 kroner. Det var John Sogge, som på vegne av Surnadal Kjemiske arbeiderforening kunne informere om dette i helga.
Les heile saka
Surnadal heimbygdlag kallar inn til årsmøte på Hammerstuene måndag 10. mars 2025 kl. 18:00.
Les heile saka