Surnadal Arbeiderparti fortsett også sin valgkampturne kommande helg. Stortingsrepresentant Else-May Botten deltek på stands samman med Surnadal Arbeiderparti sine listekandidatar på laurdag. Det blir stand i Bæverfjord – ved Bæverfjord S-lag, i Amfisenteret og ved Kulturhuset der det arrangeres Torgdag fra 11-16. Else-May Botten deltar alle steder. Her blir det med andre ord muligheit for ein […]
Les heile saka
Denne veka er det gravearbeid for å gjere klart til fiberlegging i Brusetgrenda. Fibernettet er ført fram gjennom luft til transformatorpålane på Brennmyra like ovanfor Todalshytta. Men når det gjeld fibertilførsel lenger oppover bygda, må kabelen leggast i jorda. Sigfred Gravvold og Jon Reidar Husby arbeider med dette no på oppdrag for Svorka. I første […]
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag samla troppane og feira 40-årsfest på Angråmyra onsdag. Frå den spede start på 70-talet har pensjonistlaget festa grepet som representant for de eldre i kommunen, og er i dag ein aktiv og livkraftig 40-åring som altså kunne jubilere med god mat, kultur og litt heider. Todalen.no var sjølvsagt invitert, og var der og tok pulsen på jubilanten.
Les heile saka
Kristin Marie Sørheim frå Tingvoll er listetopp for Senterpartiet ved fylkestingsvalet i Møre og Romsdal. Onsdag var ho saman med lokale partikollegaer på rundreise her i kommunen. Frå Surnadal Senterparti stilte ordførarkandidat Margrethe Svinvik, leiar Nils Håvar Øyås, Einar Grønnes og Ragnar Halle. Sørheim uttrykte at det var viktig å få god kjennskap til og […]
Les heile saka
Onsdag var Johs Vaag på ein lynrask valgkampturne i Kaffekroken på butikken for å presentere valgprogrammet til FrP og for å høre litt kva todalingane var opptekne av. Sjølvsagt kom både skule-, bru/tunell og helse/omsorg på agendaen uten at debatt nådde dei store høgder.
Les heile saka
Jon Bruset har vore på tur til Vollasetra og området omkring måndag, og har sendt oss fine bilder frå turen – både frå Vollasetra og frå Ekkertind, som kanskje kan være ein lokal konkurrent til Prekestolen i Rogaland?
Les heile saka
Tysdag er det «avsluttningsball» på Todalshytta, med Åse Grydelnd Øyen som gjestekokk. – Det er Eric Malling som fortel dette til Todalen.no no søndag kveld, og han seier at han føler at det må være «ekte vare» på siste balldagen i sesongen, sjølv om ballen frå Norsk kvalitetsmat absolutt har vorte godt motteken.
Les heile saka
Avslutt helga og kvelden med en bilderik blogg fra Ingvild Dala.
Les heile saka
På Bordholmen er det i dag funnet eit par briller. Er det nokon som saknar dei, ligg dei framleis på eitt av dei runde jorda ved redskapshuset. Det ser ut for at det er eit barnebrillepar.
Les heile saka
Nok ein gong har IL Søya arrangert ein vellykka fotballdag på Søyabanen for langt over 500 unge fotballspelarar mellom 5-6 år og opp til 12-13 år. Og med foreldre, søsken og besteforeldre som tilskodarar i finveret var det nok bortimot 1500 personar som var innom Søyabanen denne finversdagen.
Les heile saka
Surnadal AP hadde rigga til stand framfor Matkroken i Todalen i dag, der det vart servert både kaffe og frukt til folk som passerte på tur til og frå butikken på helgehandel. Vi stakk innom ein snartur, og høyrte at det ble debattert både skulesak, vegnamn og til og med molteplukking. Det var imidlertid ei gemytteleg forsamling som hadde mest fokus på kvardagslege ting i det fine sommarvêret. Men ei lita overrasking vart det, for litt kultur høyrer nok med i samband med slike arrangement…
Les heile saka
For eit par dagar sia fann Gudmund Kvendset ein såkalla powerbank (batteripakke for lading av mobiltelefon etc.) i område mellom Tristeinan og oppstigninga til Litjbotn. Der lag den i lyngen, og tydeleg vis er det nokon som har mista den i samband med molteplukking eller anna tur.
Les heile saka