Barneteatret Vårt kommer med «Mannen i pappesken» til Surnadal kulturhus onsdag 13. mai. Dette er enn varm, rørende og humoristisk historie som handler om å overvinne frykten for det som skremmer oss. Dette er en historie som mange vil kjenne seg igjen i. Hvem av oss har vel ikke noe vi er redd for? Men som Mumitrollet så klokt sier: Det er ingen kunst å være modig – hvis man ikke er redd.
Les heile sakaStavgang langs Søyas bredder…
Torsdag 7. mai la Stavganggruppa turen til elva Søya i Lykkjebygda. Vi parkerte bilane ved brua nedafor Lia, og vart imponerte over det store flaumsikringsarbeidet som var gjort her. Etter at vi hadde fordøyd inntrykka av dette enorme arbeidet, la vi turen nedover mot den prektige Haugafossen før alle 33 returnerte attende til bilane. Vi avslutta som vanleg turen med ein kaffepause.
Les heile sakaNordvik Grendalag har programmet klart
Nordvik Grendalag har for lengst lagt planene for eit innhaldsrikt år. Vi har fått tilsendt aktivitetsplana deira, og kjem til å legge ut ulike arrangement når det nærmar seg. Sykkeltrimmen deira har også starta opp att, der dei blir å sjå på vegane innover til Todalen kvar søndag framover. Her blir det som tidlegare år saft, kaffe og bakels annakvar søndag for å skape ei litt meir sosial ramme rundt arrangementa.
Les heile sakaTunnelen stengt i periodar frå kl 21 i kveld
110-sentalen i Ålesund melder om at Svinviktunnelen, på strekningen Todalsøra – Haugen kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter frå klokka 21 no i kveld. Rutegående trafikk og utrykningskjøretøy kan passere. Det er nok ingen dramatikk i dette, da det er stor sansynlegheit at det er renovering det dreier seg om.
Les heile sakaDugnad: – Klart for sesongopning i arboretet
Den siste vårpussen vart onsdag kveld unnagjort i Svinsviks arboret, med god hjelp frå Surnadal hagelag som tradisjonelt brukar å være med på klargjeringa til opninga. No er alt klart og dei første rododendronane er alt i full blomst og klare til å ta i mot publikum. Blir tek nok litt tid enno før blomstringa kjem på topp, men med litt varme og sol så vil det nok skje ting gange fort. Det var bra oppmøte på dugnaden onsdag kveld, og vi fekk gjort unna mykje av ryddearbeidet, fortel vaktmester Ola Bruset ved arboretet.
Les heile sakaVårens siste dametrim
Torsdag 7. mai blir vpårens siste innendørs trimøkt for dametrimmen. Det skjer som vanleg i gymsalen, og startar kl 20.00. Dametrimmen kjem muligens til å arrangere nokre fotturar utover mot sommaren – før dei tek ein velfortjent ferie, melder Turid Hals Sæther i dametrimmen.
17.mai – programmet er klart
Programmet for feiringa av nasjonaldagen er no klart. Det meste foregår på tradisjonelt vis, med biltog frå Matkroken kl 9.30 – og fortsett med stor felles frukost på Borholmen etterpå. etter ein liten pause blir det folketog frå skulen til kyrkja og gudstenesta der. Etter gudstenesta blir det kransnedlegging ved bauten, før toget fortsett til skulen. Frå kyrkja til skulen får folketoget følge av 17.-orkesteret som sørgjer for musikk til marsjen. I skulen blir det mat, allsong og leikar for borna – og sjølvsagt tale for dagen med Sondre Ormset.
Les heile sakaNye birøktarar på kurs i Skulstuå
Måndag var første kurskvelden for ein gjeng interesserte i Skultstuå. Første kurskvelden var ein slags innføringskveld, for å sjå om dette er interessant. Seinare blir det høve til å fortsette med påbygging av fleire kurs, slik at ein får kunnskap til å starte med eigne bikubar for honningproduskjon. Kurset går i regi av Nordmøre Birøktarlag, og kursleiar er Anders Talgø.
Les heile sakaDugnad i arboretet
Onsdag kveld frå kl 18 er det dugnad i Svinviks arboret. Det er Surnadal hagelag og Svinviks arboret som samarbeider om den tradisjonelle vårdugnaden for å gjera anlegget klar til opning komande helg. Ta med høveleg redskap og kom på dugad – alle er velkomne!
Stor trimaktivitet!
Søndag kom sola, og mange nytta godveret til å «stikke ut». Det var jamn trafikk av trimmarar både i Storhaugrunden og Svinvikrunden. Midt på dagen søndag hadde 40 personar skrive namnet sitt i «Stikk-Ut-boka» på Storhaugen, og heile 118 turar var noterte i boka i Gammelvegen! Det lovar godt for folkehelsa.
Les heile sakaFin konfirmasjonsdag
Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. I ei godt fullsett kyrkje heldt sokneprest Bernt Venås ei god preken til dei 5 ungdomane som no trer inn i dei vaksnes rekkjer. Dei fekk med seg mange gode råd på vegen, og seremonien markerte slutten på ein lang vinter med konfirmasjonsførebuing. Vergudane viste seg også frå si beste side og det var egentleg eit praktfullt syn mad alle bunadskledde kyrkjegjengararane.
Les heile sakaNils Olav opna fotoutstilling på Tingvoll
Frå slutten av 70-talet til byrjinga på 90-talet var Nils Olav Talgøy eit kjent trekk i bybiletet i Todalen. Med treskjærarverkstad på Nessakaia og ryggsekk og kamera i todalsnaturen vart han fort spesialist på fotografering av hjort og anna vilt, og det tok mykje av tida hans i desse åra. På nittitalet flytta han attende til Meisingset, der han i dag er busett. Han er framleis aktiv med kamera og laurdag opna han si første fotoutstilling.
Les heile saka