Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rossåa settefiskanlegg sikrar vassforsyninga si

Jon Olav Ørsal Måndag 31. august 2015

I sommar har det pågått opprusting av vassforsyninga til Rossåa Settefiskanlegg som ligg ved utløpet av Rossåa. Anlegget har i dag tilføring frå eit filtreringsanlegg som ligg i botnen av Rossåa eit 2-300 meter ovafor Rossåbrua. No bygges eit heilt nytt vassintak, med ein dam litt nedafor Rossåfossen og ny rør nedover derfrå.  Måndag tok […]

Les heile saka

Nytt datasystem på Matkroken

Jon Olav Ørsal Måndag 31. august 2015

I samband med oppkjøpet av ICA Norge og dermed Matkroken-kjeda blir det onsdag skifte av datasystem og overgang til Coop sitt system ved Matkroken i Todalen. Dette skjer altså onsdag føremiddag, og da blir butikken stengt nokre timar frå kl 9.00 og utover til ca kl 13, fortel Terje Nordvik.

Les heile saka

2 lokaloppgjør på Bordholmen denne veka

Elinor Bolme Sundag 30. august 2015

I morgon klokka 19 blir det lokaloppgjør på Bordholmen igjen. Da spelar G12 Søya/Todalen mot Surnadal. Kiosken blir naturlegvis åpen, og det blir høve til å få kjøpt seg både kaffe og bakels med graut.

Les heile saka

Halsadagen 2015 – Viste fram bygda si….

Jon Olav Ørsal Sundag 30. august 2015

I og rundt Halsahallen på Vågland vart Halsadagen arrangert. Her var det variert program gjennom heile dagen, og lag og organisasjon, næringslivet og sågar privatpersonar nytta høvet til å vise fram kva dei driv med og bydde fram sine produkt til publikum. Vi stakk innom ein tur på tampen av dagen for å sjå kva som bydde seg, og var imponert over det som vart vist fram.

Les heile saka

Solariumet stengt

Elinor Bolme Sundag 30. august 2015

Solariumet ved Hett & Svett blir i desse dagar oppgradert. Det betyr at det blir stengt medan måling og anna oppussingsarbeid pågår. Solariumet er mykje bruka, og Idrettslaget som er eigar av utstyret, ønsker derfor at rommet skal bli litt meir innbydande for brukarane.


Senterpartiet trefte Todalingane

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. august 2015

Laurdag var senterpartiet på stand i Todalen, og «gjorde sine hoser grønne» for Todalingane utafor Matkroken. Det er no berre 2 veker att til valet, og valkampen held på og kjem inn i siste fase – utan at det er nokon store bomber som ser ut til å kome på oppløpsida. Sjølvsagt var ny kommunstruktur, skulesak og bru/tunnelsak sentrale også denne dagen. – Folk er utruleg opptekne av at Svinvika og arboretet ikkje skal raserast om det kjem ei utbyggjing i nær framtid.

Les heile saka

Torgdag og minimaraton laga liv på Skei

Elinor Bolme Laurdag 29. august 2015

Dagens minimaraton arrangert av Thon Hotel Vårsøg, og Kreativt Forum sin Torgdag gjorde at det var mykje folk ute på Skei midt på dagen i dag. Fleire av dei lokale politiske partia nytta dagen til å komme i kontakt med sine veljarar og synleggjere seg i «bybildet». Ellers var det også litt lokale handverkarar og kremmarar ute for å selgje sine produkt, samt rå for å prøve nybilar. Utanfor kommunehuset hadde bilselgarane teke stand med det siste av det siste innan bilsjangeren.

Les heile saka

Til Nordmarka og Krokvassdalen på stavgangtur

Jon Olav Ørsal Fredag 28. august 2015

Sist torsdag hadde stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag lagt turen til Nordmarka og Krokvassdalen. Dei trossa vêrmeldinga som varsla om regn og det viste seg å være lurt, for det vart prima turvêr på gjengen. 16 deltakarar dro i veg frå parkeringsplassen, forbi Austergarden og til Midtgarden. Der fekk dei ei overrasking….

Les heile saka

Surnadal kommune vil bli en demensvennlig kommune.

Elinor Bolme Fredag 28. august 2015

Begrepet «demensvennlig kommune» kan brukes når man har inngått avtale mellom Nasjonalforeningen for folkehelsen og kommunen. Ordførerkandidat Lilly Gunn Nyheim og listekandidatene Joanna Hyldbakk og Anett Ranes fra Surnadal Arbeiderparti møtte styret i Surnadal demensforening og helselag som er tilsluttet Nasjonalforeningen for folkehelsen. Målet med møtet var å få ett mer demensvennlig samfunn, og Arbeiderpartiet […]

Les heile saka

52-17 søndagsturen går til Vindøldalen

Elinor Bolme Fredag 28. august 2015

Søndagsturen denne gongen går til Vindøldalen. Detter er ein familievennleg tur etter vegen innover Vindøldalen, ca 2,5 km. Her kan både sykkel og barnevogn brukes. Møt opp ved parkeringsplassen ved nøkkelbommen i Vindøldalen kl 12.00. Ta av Rv65 ved Skarmo, skiltet Vindølbu/Vindøldalen. Her er det bomavgift.

Les heile saka

Laurdag: SP-valkamp på Matkroken

Jon Olav Ørsal Fredag 28. august 2015

Valkampen toppar seg no fram mot valet 14. september. Laurdag i tidsrommet 10 – 14 er det Surnadal senterparti som kjem til Todalen for å informere om sitt program og sine kandidatar. Denne gongen kjem Håvard Halset, Oddvar Mikkelsen, Gunnhild Bøklepp Bøe, Nils Håvard Øyås og ordførarkandiat Margrete Svinvik (10.30-11.45).

Les heile saka

Vi kan fort bli over 30!

Elinor Bolme Fredag 28. august 2015

Vi har fått tilsendt eit lesarinnlegg frå Todalen oppvekstsenter i dag. Der har elevane snakka om kommunevalg den siste tida, og da har nedlegging av skulen vore eit hett tema i følgje kontaktlærar Anja Dalsegg Sæther. I den forbindelse fekk elevane i oppgåve å skrive eit lesarinnlegg kvar. Dette resulterte i mykje godt arbeid og særleg eitt, skreve av ein 7. klassing ved skulen. Høgst dagsaktuelt no før valget den 14. september.

Les heile saka