På Hageland har julestria kome for fullt. Alle juleutstillingane er på plass, og denne veka gjorde juleblomstrane sitt inntog i butikken – og vart liksom prikken over i’en for å få julestemninga på komplett. Frå komande helg og fram til jul er Hageland også ope på søndagar i tidsrommet 12-17….
Les heile saka
52-17 Søndagsturen 6. des. går fra Øyan Stadion i Betna og opp til snuplassen i Trøvollvegen og tilbake til stadion igjen. Fra Øyan Stadion i Betna går så turen eit stykke innover lysløypa. Derfra går ein over på Trøvollvegen og opp til snuplassen og returnerer derfra til Øyan Stadion. Dette er en relativ kort og barnevennlig tur.
Les heile saka
6. juledag blir det juletrefest i Ungdomshuset. Da er juletreet på plass, og det blir både julesongar og gang rundt juletreet både for store og små, melder Knut Bergli i Todalen idrettslag. Han fortel vidare at det blir servering av saft, kaffe og julekaker – og kanskje kjem også nissen og har med seg nokre gåveposer til dei minste?
Todalen idrettslag ønskjer alle velkomne til juletrefesta i Ungdomshuset – vi kjem med meir info seinare om tidspunkt etc.
Søndag var det første søndag i advent, og da var det nok mange som tente det første adventlyset rundt om kring i heimane. I Todalen barnehage starta dei adventstida i går, og Jorunn Nordvik har send oss eit par bilder som vi har lagt ut..
Les heile saka
Fjord1 meldte kl 20.32 at rute 46 – Kvanne -Rykkjem var midlertidig innstilt på grunn av sterk vind. – Ei lita stund etterpå kom melding om normal drift igjen.
Vi du ha eit signert eksemplar av Søyådalsboka, så har du no sjangsen. Dei tre forfattarane av Søyådalsboka Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes sel og signerer bøker utafor Rema 1000 i Amfi Surnadal laurdag 5/12 kl. 10 – 13.30, og neste laurdag 12/12 på Coop Extra i Surnadal i same tidsrom.
Les heile saka
Det var stor oppslutning både frå utstillarar og publikum da det vart arrangert juletorg med julegrantenning på Skei søndag ettermiddag. Tove Merete Schei i Kreativt Forum ønska seg litt snødryss til julegrantenninga – det fikk ho ikkje. Det var det einaste som ikkje klaffa!
Les heile saka
Surnadal Røde Kors Omsorg inviterer til ettermiddagskaffe med julelunsj torsdag 17. desember kl 14.00. Det blir som vanlig god stemning med basar og servering på Røde Kors-huset på Bøvra.
Les heile saka
På årsmøtet til Surnadal Senterparti som vart heldt i Sagatun Grendahus den 25. november 2015 vart det blandt anna valgt nytt styre for partiet. Nils Håvar Øyås overlet no både klubba og sjefsveska til den nye leiaren Oddvar Mikkelsen. Det nye styret ser frem til å støtte sine gode representantar i Surnadal kommunestyre, og ellers utvikle Surnadal Senterparti i ei positiv retning.
Les heile saka
Nils Ove Bruset vart laurdag kveld heidra av sambygdingane, da han i samband med den tradisjonelle hjortfesta vart tildelt heidersprisen ”Den Gyldne Patron”.Nils Ove var heilt uvitande og totalt overraska da han vart kalla opp på scena for å ta i mot ”den Gyldne Patron”. Heidersprisen blir delt ut på hjortfesta kvart år, og går til ein eller flere personar som har utmerka seg gjennom positivt arbeid for bygdesamfunnet på ein eller anna måte, sa Lars Stensby som var festleiar og delte ut prisen.
Les heile saka
Nordvik Grendalag arrangerer i kveld til basar i forsamlingshuset. Her blir det tradisjonelt basardbord, kaffeservering, åresalg og pilkast.
Les heile saka
I morgen arrangeres årets Juletorg på Skei. Dette er koordinert av Kreativt Forum i Surnadal og mange utstillarar er påmeldte. Både av lokal karakter, og ein del utanfrå. Her blir det rå å gjera allsidige førjulskjøp. Både til eige bruk, og ikkje minst til julegavar.
Les heile saka