Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inspeksjon i Svinvikstunellen

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2016

Tysdag kveld er Svinvikstunellen stengt i periodar. Det er Veidekke som driv med inspeksjon av tunellen, og sjekkar om det er laust fjell i tunellhvelvet eller andre avvik.  Dette er ein rutinemessig inspeksjon som blir gjort med jamne mellomrom, fortalte Kjell Svensli frå Veidekke, som rekna med å opne for ordinær trafikk igjen i 22-tida.

I meldinga på Text-TV står følgjande melding:  «Fv 671 Svinviktunnelen, på strekningen Todalsøra – Haugen  Møre og Romsdal.  Kan bli stengt i perioder på inntil 1 time på grunn av vedlikeholdsarbeid. Gjelder fra 05.04.2016 klokken 18:00 til 05.04.2016 klokken 24:00.»  Som sagt rekna folka frå Veidekke med at arbeidet er avslutta rundt 22-tida. Elles er det mulegheit for omkjøring med personbilar etter gammelvegen.

 

Publisert: 5. april 2016, 20:58