Pippilotta Rullgardina Viktualia Krusmynte Efraimsdatter Langstrømpe, eller Pippi sånn til dagleg, er på farta igjen og kjem til Surnadal kulturhus laurdag 21. mars kl. 14. Den sterkaste jenta i verda har flytta inn i Villa Villekulla saman med apa Herr Nilsson, hesten sin og ein sekk fylt av gullpengar. Den er det også andre som har lyst på, men det er ikkje særleg lurt å prøve å stele frå Pippi!
Les heile sakaFint e fjilla!
I helga var det direkte påskestemning og mange var ute i fjellet for å nyte dei gode finversdagane vi vart til del. Vi såg mange bilder på facebook i løpet av lørdag og søndag, og har med tillatlse lov til å vise nokre frå fleire ekspedisjonar som var i retning Bjøråskaret.
Les heile sakaVårsøhelga jubilerer og har heile stjernelaget klart!
Arve Tellefsen, Håkon Bleken, Henning Sommerro, Trondheim Symfoniorkester, Nidarosdomens Guttekor og Trygve Brøske. Tungvektarar i midt-norsk kulturliv vil vere med og feire at Vårsøghelga i Surnadal i år blir arrangert for tjuande gongen. I 2015 er det òg 70 år sidan fredsvåren 1945, da Hans Hyldbakk sat på heimplassen sin Kleiva og skreiv diktet Vårsøg.
Les heile sakaFull byggeaktivitet i Smålandsgrenda…
I Smålandsgrenda er det stor aktivitet på byggefronten. Nerbøen (Skortinn i daglegtale) er under omfattande restaurering, og blir etterkvart mesta som ny. På nabotomta Midtbø (Stuå i daglegtale) er det nybygg på gang – og travelt var det på begge byggeplassane. Kåre Stenberg mura nye murpiper over det nye tretaket i Nerbøen, og i Midtbø vart det klargjort for støyping av ringmur og plate for å sette opp nytt elementbygg.
Les heile sakaMånadens bilete: Utsikt frå Skjerdingfjellet
Då var avstemninga for månadens bilete for februar ferdig, og vi kan gratulere Anders Gjeldnes som vinnar med biletet «Utsikt frå Skjerdingfjellet». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile sakaSøndagstur til fjæra på Bettennesset
Siste helg var det mange som nytta det fine vårværet til å kome seg ut – enten til fjell, ller for å pusle med eit eller anna i hagen, – eller til å bli med på den organiserte søndagsturen 52/17, slik som vi! Tok nemleg turen til Betna på søndag, nettopp for å delta på søndagsturen til Bettennesset. Kuldegrader om natta hadde lagt ei tynn ishinne på Betnavågen, og den heldt stand utover dagen sjølv om det vart både sol og litt varme utover dagen.
Les heile sakaBenk til strandpromenaden rundt Akershus…
På Ansnessaga er dei vant til grove dimensjonar på produkta dei lagar. Da vi stakk innom på fredag, var Ivar Bolme og Råg Mikkelsen i gang med å ta ut ferdigtørka materialar frå tørka. Ein av stokkane utmerka seg med tanke på dimensjon, for det er liksom ikkje kvardagskost med skurlast på 12×16 tommar. Dette er på langt nær nokon rekordstokk, men likevel har den ei lita historie.
Les heile sakaSjakkfinale i påska…
I kveld var det ny runde i den innleiande konkurransen til den store sjakkfinalen som er planlagt til påskehelga. Neste søndagskveld går dei siste innleiande rundane, og spenninga stig for kvar dag som går. Søndag kveld var heile 13 av dei 16 deltakarane oppmøtt i Kaffekroken, som i vinter har vore arena for den store […]
Les heile sakaStikk ut ……..
Dagane er lyse og solrike, og det er tid for å «stikke ut» ein tur. Gammelvegen uti Svinvikhamrane er no heilt bar og tørr, så der er det fint å gå tur no. I dag var May og Tor ute og kosa seg i finveret – dei praktiserer kvardagsrehabilitering på ein fin måte! Oppe på høgaste punktet av vegen er postkassa med «Stikk ut-boka», der kan ein skrive namnet sitt.
Les heile sakaMed fokus på kvalitet
I første del av helga har i underkant av 30 representantar frå 10 ulike ballklubbar i Nordmøre og Romsdal fotballkrets vore samla på fotballeder 2 kurs på Thon hotel Vårsøg. Dette kurset er arrangert av fotballkretsen og kom i stand etter at fotballeder 1 kurset vart heldt av Knut Haugen i fjor haust. Ein av […]
Les heile sakaFleire vårtegn på gang…
Denne tida er det nok fleire vårtegn på gang rundt omkring. I Viastua har dei vorte velsigna med eit vinterlam, som nok blir litt av ein bortskjemt storebror etterkvart. Han kom til verda ein av dei første vekene i mars, og blir nok halvannan månad før saulamminga kjem i gang for fullt nærare midten av april.
Les heile sakaVår i lufta…..
Med sol frå skyfri himmel og temperatur på godt over ti grader, er det fint med ein tur ut for å sjå etter vårteikn. I blomsterhagane finn vi no både julerose, blåveis, snøklokker og krokus. Humler og bier summar rundt. Kvitsymre og hestehov har ikkje dukka fram enno, men hasselen blomstrar.
Les heile saka