Frå 1. august er Teigen husmannplass på Hallset ledig for leie fortel eigar Venja Lian. Teigen var nyrenovert i 2012 med 3 (4) soverom, eiga spisestue, loftstue og stort nytt bad. På eiendommen er det i tillegg eit fjøs med muligheiter for enkelt dyrehald.
Les heile saka
Laurdag 18.juni kl 12.30 arrangerer Stangvik Historielag fellestur til Ålvundsetra. Oppmøte ved Ålvundfjord skule klokka 13, med fergjeavgang kl 12.30 for dei som kjem over fjorden melder arrangørane. Deretter blir det start ved lunningsplassen midt i Ålvundbrekka (ved Sverkesli). Ein går så opp lia via Ålvundsetra til Øversetra og nedatt om Bønnasetrene og Ålvundsetra til start.
Les heile saka
Torsdag 16.juni går Surnadal pensjonistlag sin stavgangtur til Toresetra/Øygarden. Turen går fra Øygarden i retning Grytbakksetra. Dei snur når dei møter stien mellom Grytbakksetra og Hardbakkhytta. Eller ein kan snu når ein vil.
Les heile saka
Tysdag kveld når vi når midnatt startar fisket etter laks i Toåa, og varer fram til 15. august. Det er nok mange som er spente på årets laksefiske og som er klare for å kaste ut snøret når laksefisket settes i gang. – Etter den gode starten som har vore i Surna i år, har […]
Les heile saka
SURNADAL PENSJONISTLAG har medlemsmøte/sommeravslutning onsdag 15.6. til vanleg tid i møterommet på sjukeheimen. Dei får besøk av elevar på Kulturskulen.
Song og, som vanleg, musikk ved Oddmund Solem og Fredrik Sjøflot. Loddsal og servering!
Les heile saka
Frå gårsdagens bakelskomite på Skihytta har vi fått eit lite referat av arrangementet. Knut Hallset skriv:
Sender ett knippe bilder fra bakelsslabberaset frå fjellet i dag. Ikkje mange kaffegjestane, men veret var fint og bakelsa heilt fortreffeleg. Bakelskomiteen serverte kaffe og bakels til alle som kom, utan kostnad forøvrig.
Les heile saka
Laurdag nytta Jon Bruset dagen til Innerdalstur. Sesongen har ikkje starta enno, men fint var det i Innerdalen lell. Med bil til Nerdalen og til fots resten av turen til Innerdalen bar det – og vêret var det ingen ting å utsette på!
Les heile saka
EM-tippinga er i gang, men det betyr ikkje at det er for seint å melde seg på. I Todalen.no sin EM-tippekonkurranse kan du tippe resultat på alle EM-kampane heilt fram til kampstart, og så langt er det 4 av 51 kampar som er ferdige. Det er fortsatt nok kampar til at du kan vinne sjølv om du ikkje var med frå starten.
Les heile saka
For mai kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Maikveld på kyrkjegarden». Det var ei jevn avstemning med ein vinnar som var 10 stemmer foran «Vårløysing», medan alle dei fire andre fekk mellom 15 og 20 stemmer. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile saka
På tur nedover til «Prærien» kunne ein i dag observere traktorar med slåmaskin elle ballpresser kring alle ekrer. Håvard Halset, som var først ute i år, starta for eit par dagar sia men no ser det ut for at alle er i aksjon Og det går ikkje an å klage på slåttevêret i allfall… Sjølv om det har […]
Les heile saka
Eirik Husby har «figurert» i spaltene våre fleire gong før. – Eirik bur i Oslo med sin familie og har sitt daglege virke som ergoterapeut i Veidekke. Eirik har alltid vore interessert i song og musikk, og har drevet denne hobbyen litt lenger enn gjennomsnittet. Mellom anna har han saman med brørne Lars Olav og Jan Peter teke på seg spelejobbar både lokalt på Nordmøre og i Oslo, og musikken hans har vore mykje nytta på NRKs lokalsendingar her på traktene. No er han «aktuell» på Todalen.no med sine tolkingar av Inger Hagerops barneviser på todalsk.
Les heile saka
Laurdag inviterer «Bakelskomiteen» til laurdagskaffe på Skihytta. Dei har rusta seg med bakelsrøre og bensin til agregatet, og setter i gang bakelspressa frå kl 11 og utover til kl 14.00. Da blir det servert nystekte bakels med jordbærsylte og rømme for ein billig penge. Legg trimturen til Skihytta på laurdag, oppfordrar vi!