Den gode starten på laksefisket i Toåa fortsetter på andre dagen. Vi har ikkje klart å skaffe full oversikt over fangsttala, men eit 20-tals laksar er nok komne i frysaren etter nok ei prodduktiv natt ved elvekanten. Og laksen ser ut til å fortsette å ta agnet som laksefiskarane har å by på. Det blir rapportert fangstar frå både nedre og øvre del av elva.
Les heile saka
Første turen til Todalen og laksestart i Toåa blir nok eit minne for livet for Andreas Lindbek frå Halden. Han har tilhald på Todalshytta, saman med faren Rune og hans kamerat Frank Haugrim. Ved øvre Teindammen stod Andreas og frista laksen med flue og eihands fluestong, da den første laksen hogg seg fast i flua. Laksen var ikkje så stor, men det var den første laksen i Todalen for Andreas – og gleda var stor!
Les heile saka
Onsdag kveld gjekk trimturen til Fauskhjellen ovanfor Ørsalen. Sju ivrige turgåarar starta opp Ræta i lag med leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik.
Les heile saka
Det er tid for å førebu seg på jaktsesongen i gjen – alt komande måndag startar Søya og Todalen skyttarlag med skyteprøver på lagets skytebane i Ranheimsvingen. Her blir det skyting på måndagskveldar alle måndagskveldar fram til utgangen av august – unnateken måndag 4. juli. Skytinga skjer i tidsromm 18.00 – 20.00
Les heile saka
Eit par veker utan nemneverdig nedbør tærer hardt på grasmatta på Bordholmen stadion. Derfor fekk banekomiteen i kveld forsterkningar frå Todalen brannlag for å spe på med litt ekstra vatning.
Les heile saka
Allereie første timen kom det fleire laks på land under fiskestarten i Toåa i natt. Det var veldig godt fiske dei første timane og i løpet av natta kom det iallfal 8 laks som vi har fått rapportert – og dei aller fleste er tekne i den øvre delen av elva.
Les heile saka
I kveld, onsdag, er det ny trimtur. Denne gongen er Fauskhjellen målet for turen. Det er ein grei tur som passar for alle, seier leiar i trimgruppa Jorunn Nordvik. Oppmøte i «Ræta», ved den gamle brannstasjonen. Turen startar 18:30. Alle er velkomne til å bli med på tur!
Les heile saka
Tysdag kveld var det duka for felles sommaravslutning for barnehagen og skulen i Todalen. Gymsalen var fullsett da leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes, ønskte velkomen. Både familie og vener av ungane ved oppvekstsenteret møtte fulltalig opp!
Les heile saka
Ved midnatt startar årets elvefiske etter laks og Aure i Toåa. Etter den gode starten på laksefisket i Surna, der fisket starta 1. juni, er det sjølvsagt store forventningar i Toåa også. Eric Malling har opna dørene på Todalshytta for sesongen, og dei første gjestane er sjølvsagt laksefiskarar som skal bu der. Dei siste timane går sakte når du sit og ventar på at klokka skal nå midnatt, men Malling heldt kaffekjelen varm og praten gikk lett – og samtaleemnet var sjølvsagt laksen…
Les heile saka
Surnadal folkebibliotek er med i eit leseprosjekt i regi av fylkesbiblioteket som heiter «Sommerles 2016». Målet med prosjektet er å stimulere skulebarn frå 1 -6. klasse til å lese i skoleferien. I år er Sommerles lagt opp som et digitalt/ spillbasert opplegg. Og frå 1. juni har elever som er registrert i Surnadal kommune lest imponerende 15892 sider, fortel Siv Snekkvik ved Surnadal folkebibliotek i ein epost.
Les heile saka
Ja, bildetekst og overskrift kan forvirre, men alt er like rett denne gongen melder bibliotekar Karen Johanne Talgø ved Todalen filial. Det er mange som har bøker dei skulle ha levert inn etter endt forfall, og desse kunne Karen Johanne gjerne ha tenkt seg å fått inn før ho tek sommarferie i neste veke.
Les heile saka
Frå 1. august er Teigen husmannplass på Hallset ledig for leie fortel eigar Venja Lian. Teigen var nyrenovert i 2012 med 3 (4) soverom, eiga spisestue, loftstue og stort nytt bad. På eiendommen er det i tillegg eit fjøs med muligheiter for enkelt dyrehald.
Les heile saka