Litt overdrevet det da kanskje, men veggane kom iallfall opp på ein dag. Det er i Austistua det pågår bygging av nytt mjølkefjøs i sommar, og etter at grunnarbeid og fundamentering er gjort unna var det onsdag klart for å få på plass veggelemente som er produsert hos MøreRoyal i Surnadal. På føremiddagen i går dukka det opp eit stort vogntog, som hadde mesteparten av veggelementa på lasset.
Les heile saka
Tradisjonen tru – ein ny dag med elvefiske i regi Surnadal Jeger og fiskerforening. Dei inviterer til treff på Sommarfjøsvollen fredag 12. august i tidrommet 18-20. Her blir det servering av grillmat ved gapahuken, melder Surnadal JFF. Ta med fiskeutstyr dersom du har – eller kan du få låne utstyr slik at alle skal få prøve å fiske i elva. Velkomen til ein sosial og triveleg kveld for heile familien!
Laurdag er det dags for sommarens store lokaloppgjør på Bordholmen. – Da braker Todalen (A-lag/Old boys) saman med Søya, med Terje Nordvik som myndig og upartisk dommar.
Les heile saka
Laurdag den 13. august skal Stangvik Historielag i samarbeid med Årnesgardingane arrangere ny «kulturvandring» på Årnes, med oppmøte ved Grendahuset (gammelskulen) på Årnes kl 11.00. Det er god plass til parkering ved fjøset i Jørristua.
Les heile saka
Pakkhuset Kro minner om at dei arrangerer «spansk aften» fredag 12. august frå kl 18.30. I år som i fjor er det Siri og Frances som er kokkar, og dei tryller fram mange spanske rettar denne kvelden. Liste for påmelding ligg ute på Makroken Todalen.
Les heile saka
Etter en sommer og vår med stadige oppdrag i Europa gjester Terje Todalen igjen, og har allerede varslet ønske om en topptur i løpet av helga. Så her ligger muligheten for en lokalkjent vandrer til å veivise. Terje har deltatt på Raus 2015 og 2016, og har bedt spesielt om å få opptre i sommer. Lørdag kveld skjer det på Todalshytta.
Les heile saka
For juli kan vi gratulere Bjørn B. Redalen som vinnar av måndenas bilete med «Fullmåne i Vassdalen». Det var ein klar favoritt blant dei som stemte, og fekk 62 av dei 140 stemmane i månadens avstemning.
Les heile saka
Vassføringen i Toåa har gått rett til værs i ettermiddag – frå beskjedne 5 m3/sek tysdag i 9-tida til rundt 40 m3/sek i 20-tida. Det har regna jamnt og trutt utover dagen, med ein topp rundt 17-tida og det ser ut som elvane som kjem lengst inn frå Trollheimen som har fått mest.
Les heile saka
Kulturkontoret melder: «Da er ny Stikk UT!-vinnar trekt, og den heldige vinnaren av gåvekort for juli månad vart Karin Sunde, Grimsmomarka. Ho har vore på fleire Stikk UT!-turar, men det var ein tur til Langvatnet som sikra henne premien. Vi gratulerer med ein velfortent sommarbonus!
Les heile saka
Det er sendt ut OBS-varsel om mykje regn frå måndag kveld til seint tysdag kveld. Sterk vind er det også meldt, men det er mest på Sunnmøre og i Romsdal. Fram til tysdag kveld kan det i Todalen kome mellom 30 og 50 mm på 36 timar etter meldingane på yr.no.
Les heile saka
Søndag samla Stangvik historielag 60 deltakarar på setervandring til Søyådalen. Turen starta på Holtasetersiå og gikk innover dalen med første stopp på Gammelsetra for orientering. Vidare innover til Midtsetra og enda til slutt på Holtasetra og Klokkargardssetra, fortel Erling Myrbostad.
Les heile saka
Søndag ettermiddag feira Husby Vel i Bekkerhagan nyopning av leikeplassen sin. Den gamle leikeplassen var nedslitt og hadde behov for ei ansiktløfting. Etter 125 dugnadstimar er både leikestove, nytt gjerde, ballvegg og ny platting på plass, og søndag vanka det både kaffe, blautkake og mykje anna godt til 60 gjestar som møtte fram på opninga.
Les heile saka