«Det er trekt Stikk UT!-vinnar for september, og gåvekortet denne månaden går til Sissel Gravvold frå Bøverdalen. Gratulerer, Sissel! Det var ein tur til Stikk UT!-posten ved Bjorvollen som førte hell med seg denne gongen.
Les heile saka
«Det er trekt Stikk UT!-vinnar for september, og gåvekortet denne månaden går til Sissel Gravvold frå Bøverdalen. Gratulerer, Sissel! Det var ein tur til Stikk UT!-posten ved Bjorvollen som førte hell med seg denne gongen.
Les heile sakaI kveld, laurdag 15. oktober kl 18.00, inviterer Todalen sokneråd til konfirmasjonsfest, der årets konfirmantar og 50-jubilantane er spesielt inviterte. Dei inviterer også andre som har lyst til å kome og bli med på feiringa. Dei byr på middag, kaffe og ymse slags underhalding utover kvelden.
Les heile sakaI går kveld var det høg aktivitet i Skulstua når Start 4H hadde medlemsmøte. Eit knippe unggutar var frammøtt for å planlegge vidare aktiviteter og ikkje minst ha det kjekt i lag. Når todalen.no kom innom var dei i sluttfasen på kveldsmaten som denne gongen var tomatsuppe og brød. Til vanleg har dei møta annakvar søndags kveld.
Les heile sakaMåndag morgon fikk vi eit skikkeleg hausttegn, med rim på marka og kunne dermed lese av dei første kuldegradane på gradstokken. Rett nok berre -1,1 heime på Skogly, men det var nok til at det var is på frontruta – og frostroser på vegetasjonen.
Les heile sakaTrekning av barnebordet viser seg stort sett å vere dagens høgdepunkt under den tradisjonelle basaren til Todalen Sanitetsforening. Og det var ikkje noko unntak i går, med mange spendte små som sirkla rundt det velfylte bordet. Maria Kvendset Bergli var ikkje tung å be om eit bilde etter at ho fekk sikra seg rekordmange fine gevinstar etter trekninga. Til og med ein tyggisautomat og ei kombinert drikkeflaske som ho faktisk hadde sett seg ut tidleg.
Les heile sakaOnsdag 5. oktober inviterer Felleskjøpet til hundedager i sine lokaler på Skei. Her blir det rå for hunden å få massasje og å smake på ein godbit eller to. Fagkonsulent Anna Nabbing kjem og viser fram tips og triks om kloklipping og pelsstell.
Les heile sakaVi har tidlegare omtale birøktarkurs i Skulstuå, og delvis trefte vi att same gjengen i Skulstuå i dag. På dagsorden stod førebuing til overvintreing og handertering av honningen som biene har samla i løpet av sommarsesongen. Samlinga skjedde i regi av Nordmøre birøktarlag, og det var Anders Talgø som var kursleiar for kurset som går på andre året.
Les heile sakaMed hausten i full anmarsj er vi klare for å finne vinnaren av månadens bilete for september. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag. Send inn dine bidrag på red@todalen.no eller bruk skjemaet nederst i Dagens bilete-arkivet. Vi takkar alle bidragsytarar gjennom den siste månaden!
Les heile sakaDet siste året har vi nærast hatt ein følgjetong om nyinvesteringar både i nye fjøs og bustadbygg. Denne gongen er det fjøsbygging på Halset som er tema – Håvard Halset investerer 2-3 millionar i utviding av fjøset for å få meir plass og lettvintare fjøsstell.
Les heile sakaFredag dukka det opp to teikn som bekreftar at hausten er komen, og at det etter kvart går mot ein ny vinter. Utsetting av brøytestikker er eit slik tegn, og nysnø langt ned i Snøfjellet er eit anna teikn.
Les heile sakaTorsdag var det høgtidleg åpning av Toril Redalen si kunstutstilling STØV i Oslo. Toril har sendt oss nokre bilder frå åpningsdagen. Hovedbildet viser samtidsforfatteren Ole Robert Sunde som les frå teksta si «Støvets Applaus» framfor verket Arbeid 4. Der skimtar vi blant anna verkstadsbenken til Narve Talgø.
Les heile sakaI dag er det strikkekaffe i Sanitetshuset mellom klokka 13 og 16. Her blir det rå å få seg kaffe og litt godt å bite i godt selskap med eller utan strikketøy. Har du lyst til å strikke til eit prosjekt har foreninga mykje garn på lager som ein kan få å strikke av.
Les heile saka