I kveld klokka 17.30 – 19.00 markerer biblioteket i Todalen at det er nordisk bibliotekveke 2016. Karen Johanne og Britt har rydda plass til ein masse nye bøke, og elles blir det både høgtlesing og leseløype. – Og FAU spanderer bollar og kakao til ungane og kaffe til dei som er litt større.
Les heile saka
Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss.
Les heile saka
På MøreTre er det ledig jobb som prosjekleder/leder for salgs- og serviceavdelingen. med økende oppdragsmengde utvider MøreTre sin satsing mot prosjektmarkedet, og søker derfor etter en ny medarbeider med ansvar for prosjekt, salg og service.
Les heile saka
Etter kvart som det blir mindre uteaktivitet er det viktig å kome i gang med litt innetrening i gjen. TILs treningsstudio – Hett & Svett – står der og har mykje ledig kapasitet. Måndag kveld var det lagt opp til info-kveld, med opplæring og instruksjon i bruk av utstyret med Ola Eina Øyen.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening dreg i gang julegaveinnsamling til Estlandsforeninga i år som tidlegare år. Dette er av same art som klesinnsamlinga, då julegavane bli sendt ned til Estland med Estlandsforeninga som har sine kontaktar i Rindal.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening arrangerer ein instruksjonskveld av trenings-/styrkeapparata i Hett og Svett. Dette er for alle interesserte i alle aldrar i bygda. Instruktør er Ola Einar Øyen. Dagen er måndag 31. oktober kl. 18.
Nesten 30 skumle, søte og nokre ordinære figurar var samla til halloweenparty i gammelskulen i dag. Her var det pynta til fest og dei unge deltakarane kosa seg med både servering og leik i eit par timar.
Les heile saka
Surnadal Golfklubb innkaller til ekstraordinært årsmøte og medlemsmøte på Thon Hotel Vårsøg den 21.november klokken 19.
Les heile saka
I dag er det Halloweenparty i Gammelskulen. Dette er no ein årvis tradisjon i regi Justyna på Bjørli. Ho inviterer også i år til skummel samling for ungane der dei kan kle seg ut og leike i lag.
Les heile saka
I natt skal vi stille klokka tilbake ein time, og med det går vi tilbake normaltid – eller vintertid som det også kallast. Dette gir oss ein lysare start på dagen, samtidig som kvelden blir mørkare.
Les heile saka
Med uante millimetrar med nedbør i dag var det ikkje sjølvsagt at det vart noko stort oppmøte på strikkekaffeen i Sanitetshuset. Men oppmøtet var upåklageleg og damene kosa seg innomhus med strikking, kaffe og ikkje minst sosialt samvær. Her er det alltid kjekt å sjå kva for handarbeid dei andre driv med, og ikkje minst bli inspirert av erfarne strikkarar.
Les heile saka
Onsdag kveld inviterte Byggmakker Surnadal til «Damenes aften», eit arrangement som er blitt ein tradisjon og som er riktig populært for damer i alle aldrar.
Les heile saka