Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Salmekveld i Øye kyrkje

Elinor Bolme Tysdag 27. september 2016

Torsdag 29.sept.blir det song og musikk i Øye kyrkje. Tidlegare sokneprest Torbjørn Brøske vil med sin lette og inspirerande måte, fortelje om salmediktarane og litt historikk rundt salmane som blir presentert. Det blir mykje allsong der vi gjer oss kjend i den nye salmeboka, fortel kantor Oddveig Helset Halle i ein epost.

Les heile saka

Godt resultat, men ingen rekord.

Elinor Bolme Måndag 26. september 2016

Styret i Surnadal demensforening og helselag ønsker å takke årets russekull ved Surnadal Videregående skole for samarbeidet omkring årets demensaksjon. Totalt fikk russen samlet inn kr 80.756,- i Surnadal kommune. Ikke så greit nå i disse «korttider» og mange ikke har penger i pungen, sier Liv Botten i foreningen.

Les heile saka

Sjansespel no i jakttida…..

Jon Olav Ørsal Måndag 26. september 2016

4 rådyr beita så fredeleg som berre det rett innafor Øyabrua – ca 50-60 meter frå vegen i kveld. Dei stod berre å glana, og lurte på kva for tulling som prøvde å ta bilde no når det mesta var for mørkt. Dei har nok levd eit fredelag og ufarleg liv, og funne mykje god mat på ekrene i Hallagrenda i sommar.

Les heile saka

Velg i 9000 titlar på bibliotekfilialen i Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 26. september 2016

Karen Johanne er forlengst i gang i gjen etter sommarferien. Bibliotekfilialen i Todalen er open kvar måndagskveld frå 18.00 – 20.00. Da vi stakk innom bibliotekfilialøen i kveld var Karen Johanne i full aktivitet med å sortere ut gamle bøker for å få på plass nye aktuelle titlar i hyllene. Med 3 timar kvar veke til rådigheit tek nok dette arbeidet litt tid, men alle bøkene skal få sin plass etter kvart, seier ho.

Les heile saka

Første hjorten for Signe

Jon Olav Ørsal Sundag 25. september 2016

Det ble fullklaff og premiere for Signe Larsen som tok sin første hjort i dag, da ho sendte ein åttespiring til dei evige jaktmarker i Haukålia. Tross ung alder, så har ho lang fartstid som jagar på jaktlaget på sørsida. I år går ho med eiga børse, og søndag vart det altså premiere både for Signe og børsa.

Les heile saka

Dugnad for å betala fotballbota

Jon Olav Ørsal Sundag 25. september 2016

Den 11. juni klarte ikkje Bøfjord å stille lag i ein 6.-divisjonskap mot Smøla, og det vart dei straffa for. Fotballforbundet staffa Bøfjord med ei bot på kr 6000 for det – søndag jobba dei inn bota med å montere fjøsinnreiing hos Olav Halle i Austistua.

Les heile saka

Brannvernveke med spesiell fokus på nattlading

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. september 2016

Open dag på brannstasjonen er ein fin tradisjon i september kvart år. Laurdag opne brannlaget i Todalen dørene til brannstasjonen for både store og små, slik at alle som ville kunne kome og sjå kvar dei held til og sjå kva dei held på med. I år var fokusen sett på nattlading av telefonar og anna ustyr med oppladbart batteri. Lading av batteri er ei hyppig kjelde til brann, og er difor spesielt farleg om natta – når vi søv.

Les heile saka

Lykkeland på CD…

Jon Olav Ørsal Fredag 23. september 2016

Torsdag kveld var Svanhild Husby innom Matkroken i Todalen for å promotere sin nye CD som nyleg vart lansert og lagt ut for sal. Dei fleste av tekstane og mykje av musikken har Svanhild produsert sjølv, men ho har også hatt god hjelp til både song og musikk på den nye CD’n. Lykkeland er i si […]

Les heile saka

Verdt å få med seg

Steinar Hasselø Fredag 23. september 2016

Arbeidsgruppa som skal lage ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv inviterer til folkemøte tysdag 27. september kl. 19. Der bør du vere om du er med i eit lag eller brenn for eit forsamlingshus som har planar om omfattande rehabiliteringsarbeid eller nyanlegg i dei komande fire åra. Om ikkje kan de vere ille ute; i alle fall om de ikkje er søkkrike og dermed ikkje treng spelemidlar og offentlege tilskott for å bygge.

Les heile saka

Til bøkeskogen og Stangvikliene

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. september 2016

Torsdag var stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag samla i Stangvik. Heile gjengen vart skyssa med bil oppover til bøkeskogen og gapahuken – sam da var utgangspunkt for spaserturen som gikk vidare oppover skogsvegen som går utover til Storsetra og enda litt til. Etter på var det samling på Svissholmen der det vart ein lang og god kaffepause […]

Les heile saka

Fra Todalen til Byåsen

Mari B. Redalen Torsdag 22. september 2016

Jeg er Inga Husby, yngste datter av Einar Husby og Sissel Jorunn Holten, lillesøster til Espen og Merete. Jeg har nå sammen med min kjære trønder, Markus Andersen Solem bodd på Ugla på Byåsen i snart ett år.
Litt etter vi har kommet på plass ble jeg introdusert for Forever Living

Les heile saka

Har du god bilder frå jakta…?

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. september 2016

Sist helg fikk Åsmund Longva Kvendset storhjorten på kornet.  Det skjedde i Dompa, rett nedafor Sulvatnet, og dermed ganske høgt til fjells.  11-takkeren gikk rett i bakkan, og vandra dermed over til «de evige jaktmarker». Etter ein strabisisøs tur ned frå Dompa, vart kronhjorten slakta og hent opp i damhuset til Råssåkraft.  Etter at den […]

Les heile saka