Knut Bergli i fotballgruppa melder om at den tidlegare omtala fotballkampen i morgon mellom Todalen og Søya er utsett til eit seinare tidspunkt. Grunna kraftig regn er banen midlertidig stengt.

Knut Bergli i fotballgruppa melder om at den tidlegare omtala fotballkampen i morgon mellom Todalen og Søya er utsett til eit seinare tidspunkt. Grunna kraftig regn er banen midlertidig stengt.
I ettermiddag dumpa det ned ein epost om ny banerekord på frisbeegolfbanen på Bordholmen. Som nemnt tidlegare var banerekorden på 23 kast. Eit snitt på 2,55 kast per korg. No med eit snitt på 2,44, og 5 under par som de ser av oppsettet under.
Les heile sakaLitt overdrevet det da kanskje, men veggane kom iallfall opp på ein dag. Det er i Austistua det pågår bygging av nytt mjølkefjøs i sommar, og etter at grunnarbeid og fundamentering er gjort unna var det onsdag klart for å få på plass veggelemente som er produsert hos MøreRoyal i Surnadal. På føremiddagen i går dukka det opp eit stort vogntog, som hadde mesteparten av veggelementa på lasset.
Les heile sakaTradisjonen tru – ein ny dag med elvefiske i regi Surnadal Jeger og fiskerforening. Dei inviterer til treff på Sommarfjøsvollen fredag 12. august i tidrommet 18-20. Her blir det servering av grillmat ved gapahuken, melder Surnadal JFF. Ta med fiskeutstyr dersom du har – eller kan du få låne utstyr slik at alle skal få prøve å fiske i elva. Velkomen til ein sosial og triveleg kveld for heile familien!
Laurdag er det dags for sommarens store lokaloppgjør på Bordholmen. – Da braker Todalen (A-lag/Old boys) saman med Søya, med Terje Nordvik som myndig og upartisk dommar.
Les heile sakaLaurdag den 13. august skal Stangvik Historielag i samarbeid med Årnesgardingane arrangere ny «kulturvandring» på Årnes, med oppmøte ved Grendahuset (gammelskulen) på Årnes kl 11.00. Det er god plass til parkering ved fjøset i Jørristua.
Les heile sakaPakkhuset Kro minner om at dei arrangerer «spansk aften» fredag 12. august frå kl 18.30. I år som i fjor er det Siri og Frances som er kokkar, og dei tryller fram mange spanske rettar denne kvelden. Liste for påmelding ligg ute på Makroken Todalen.
Les heile sakaEtter en sommer og vår med stadige oppdrag i Europa gjester Terje Todalen igjen, og har allerede varslet ønske om en topptur i løpet av helga. Så her ligger muligheten for en lokalkjent vandrer til å veivise. Terje har deltatt på Raus 2015 og 2016, og har bedt spesielt om å få opptre i sommer. Lørdag kveld skjer det på Todalshytta.
Les heile sakaFor juli kan vi gratulere Bjørn B. Redalen som vinnar av måndenas bilete med «Fullmåne i Vassdalen». Det var ein klar favoritt blant dei som stemte, og fekk 62 av dei 140 stemmane i månadens avstemning.
Les heile sakaVassføringen i Toåa har gått rett til værs i ettermiddag – frå beskjedne 5 m3/sek tysdag i 9-tida til rundt 40 m3/sek i 20-tida. Det har regna jamnt og trutt utover dagen, med ein topp rundt 17-tida og det ser ut som elvane som kjem lengst inn frå Trollheimen som har fått mest.
Les heile sakaKulturkontoret melder: «Da er ny Stikk UT!-vinnar trekt, og den heldige vinnaren av gåvekort for juli månad vart Karin Sunde, Grimsmomarka. Ho har vore på fleire Stikk UT!-turar, men det var ein tur til Langvatnet som sikra henne premien. Vi gratulerer med ein velfortent sommarbonus!
Les heile sakaDet er sendt ut OBS-varsel om mykje regn frå måndag kveld til seint tysdag kveld. Sterk vind er det også meldt, men det er mest på Sunnmøre og i Romsdal. Fram til tysdag kveld kan det i Todalen kome mellom 30 og 50 mm på 36 timar etter meldingane på yr.no.
Les heile saka