Andreslåtten er i full gang – no også med rosa siloballar – i tillegg til gørne og kvite. Dei rosa siloballane har fått stor oppmerksomheit i sommar. Det er Felleskjøpet Agri som i samarbeid med emballasjeprodusentane Trioplast og Tama har valt å starte den rosa kreftkampanjen, fortel Anders A. Karlsen i Todalen Mjølk. Produsentane, forhandlarane og bonden yter 10 kr kvar pr rull med folie – tilsaman kr 300.000 til bryskreftsaka og ikkje minst har saka fått stor oppmerksomheit i media.
Les heile sakaGullvåg og gullkorn på museet
Olsokspelet på Stiklestad er nyleg avvikla. På Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag blir speldiktaren Olav Gullvåg presentert av barnebarnet Eivind Hasle, som nettopp har skrive bok om han. Gullkorn frå årets dialektutgåve «Teft og tykkje» dukkar også opp.
Les heile sakaVestre Akers SK vart for sterke
Da er fotballeventyret også over for KUST G13. Dei møtte litt over 17 Vestre Akers SK, som tok leiinga og held denne med 2-0 til pause. Dette var eit lag som var hakket sterkare, men i følge IL Søya si facebookside hadde keeper Henrik Kvande-Talgø fleire strålande redningar i andre omgang som gjorde at gutane held seg inne i kampen.
Les heile sakaSommarles har passert 100.000!
Det er ikkje berre Pokemon, Norway Cup og strandliv som tel i sommar: Dei unge les også, og dei les mykje. Svært mykje, skriv Surnadal bibliotek i ei pressemelding til oss i dag,
Surnadal folkebibliotek er med på «Sommarles»; ein kampanje som skal stimulere dei som er fødd mellom 2003 og 2009 til å lese – også i sommarferien. Det er så langt 103 surnadalingar som har meldt seg på kampanjen gjennom nettsida sommarles.no.
Les heile sakaEin thriller av ein fotballkamp
Gutane på G13 fikk ein forrykande start på sin 1/16 delsfinale mot Lillestrøm no i dag. 1-0 nesten rett etter avspark av Lang Valset, og Ola Valset fortsatte med 2-0 like etter. Lillestrøm mista ikkje piffen for det, og utligna med to kjappe mål rett etterpå, før Ola Valset drog til med 3-2, og deretter 4-2 til pause.
Les heile sakaHusmorskulen – i eit historisk perspektiv
Husmorskulen på Halsa er det nok mange som dreg kjensel på. Gjennom ei årrekkje er det nok mange frå Todalen og andre plassar på «indre» som har gått der, og har mange minner frå den tida. Einar Oterholm er i gang med bok om historia til husmorskulen, og søndag 7. august inviteres det til Søndagskafé i Løvik grendahus i Skålvikfjorden, der Oterholm vil presentere «historia til «Nordmøre Husmorskule».
Les heile sakaG13 er fortsatt med mot finalespel!
Gutane på KUST G13 er akkurat ferdig med dagens kamp mot Oppsal, og det meldes om seier og stormende jubel i leiren! Det sto 0-0 til pause, men med kvart sitt mål av Erik Husby og Marcus Brein Gikling etter at Oppsal tok leiinga tidleg i 2. omgang. Dette betyr 1/16 finale i morgen kl 12.20, mot Lillestrøm.
Les heile sakaStem på månadens bilete for juli
Sommarferien er på hell for dei fleste, og vi skal finne vinnaren for månadens bilete for juli. Vi har valgt ut eit knippe av bileta som du kan velge blant for å vera med å bestemme hvilken bilete som skal premierast denne månaden.
Les heile sakaKulturvandring til Søyådalen
Søndag 7. august inviterer Stangvik Historielag til kulturvandring i Søyådalen. Ruta blir som i fjor, og guidar er forfattarane av Søyådalsboka. Dei som vil vere med på vandringa møter opp ved Eidet skule innan klokka 10. Derifrå går turen med bil inn til Gammelseterbrua, der det blir ein kort stopp med orientering.
Les heile sakaFeirer nyoppussa leikeplass…
I Bekkerhagan har Husby Vel drive storstila dugnadsarbeid med rehabilitering av leikeplassen i grenda. Alt i tre er skifta ut og dei har fått på plass ei flott utestove, sandkasse og platting. No inviterer dei både sponsorar, naboar og andre interesserte til å kome og sjå, og har open dag søndag 7. august frå kl 15.00.
Les heile saka2 seirar og 1 tap på tredje dagen
Då har alle laga vi følger her frå Todalen spela sine kampar i dag, under den tredje dagen av Norway Cup. Og i følge ivrige tilskoderar, så har både G13 og J14 vunne sin kamp, medan J 16 no tapte. G13 og J 16 er dermed klare for A-sluttspelet, og J14 for B-sluttspel.
Les heile sakaKarin Ford stiller ut på Nordmøre for første gong
Fra kulturavdelingen ved Surnadal kommune har vi fått ei pressemelding om storslagen kunstutstilling av trønderske Karin Ford. Utstillinga åpnar i Finstuå på Skei laurdag 6. august kl. 13.00. Utstillinga vil bli ståande til og med søndag 28. august, skriv Steinar Hasselø i ei pressemelding.
Les heile saka