Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På Leikvin: Ein smak frå vikingetida

Jon Olav Ørsal Sundag 4. juni 2017

Laurdag vart vi frista av ein annonse frå folkemuseet i Sunndal som ligg på Leikvin. Dei kunne by på vikingemarknad, der du kunne oppleve ein snev av livet så langt attende som i jarnalderen. Vi dro til Likvin for å sjå og oppleve dette…..

Vikingleiren var etablert i frukthagen på Leikvin, og  her trefte vi vikingar frå fjern og nær som bydde fram sine heimlaga varer. – Steikeos fra vikingenes mat, musikk og sjonglering fra omreisende trubadurar og gjøglarar, og vikingkampar bringa deg attende til vikingtiden på ein livaktig måte.

På vikingmarknaden var det mykje å få kjøpt – det meste var handlaga varer med historisk preg. Foto. Jon Olav Ørsal

Arrangementet er eit samarbeid med Møre frie Vikingar som saman med vikingvener fra hele Norden inviterer til moro for hele familien. Her treng ein faktisk ikkje være interessert i historia for å ha det moro, samtidig er det noko her for sjølv den mest hardbarka vikingentusiast. 

Arrangementet går over 2 dagar, og fortsett altså 1. pinsedag med foredrag, gravfeltvandring og mange programinnslag utover dagen.  Her kan du lese meir på heimesida til museet på Leikvin, og du kan også lese om vikingmarknaden på Driva.no

Bildegalleri frå vikingmarknaden på Leikvin – Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. juni 2017, 12:50