Med temperaturar på over 10 varmegrader har det gått hard ut over snøen i løypetraseen i lysløypa på Tjønnmyra. Barn i løype som skulle arrangerast frå kl 14.00 er derfor avlyst, melder Tove T. Brøndbo i Ski- og friidrettsgruppa.

Med temperaturar på over 10 varmegrader har det gått hard ut over snøen i løypetraseen i lysløypa på Tjønnmyra. Barn i løype som skulle arrangerast frå kl 14.00 er derfor avlyst, melder Tove T. Brøndbo i Ski- og friidrettsgruppa.
Denne helga har det vore dugnad på Skihytta. Det har i lang tid vore planlagt å arrangere dugnad for å få på plass ny bordkledning. Fredag ettermiddag starta dugnadsgjengen på 6 mann frå Øyalia, med kurs for skihytta. Eigentleg var det to dugnadsgjengar – ein ut og ein inne. Utegjengen fikk nok føle at vindkasta kan være utruleg sterke på Ørsalmyrane…
Les heile sakaI dag har todalen.no vore på lufta i 2772 dagar. Vel 7 år og 7 månader. Da vi starta nettsataden var eit av måla å ha noko nytt på heimesida kvar einaste dag. Da fann vi ut at eit nytt «dagens bilete» var ei fin løysing. Problemet kom berre til å få nok bilder å publisere, trudde vi. Der viser det seg no at vi tok feil. Våre lesarar har vore fenomenale til å sende inn bidrag av smått og stort, og vi har aldri gått heilt tom. Enno.
Les heile sakaI natt er det tid for å stille klokka til sommartid. Det skjer ved at vi kl 02.00 stiller klokka fram ein time til kl 03.00. Dermed blir natta ein time kortare enn vanleg, og det er ein time vi ikkje får att før til hausten, når klokka blir stilt attende til normaltid igjen. – Ein regel som er lett å hugse er at vi alltid stiller klokka mot sommaren – fram ein time om våren og attende ein time om hausten.
Les heile sakaDet har vore spesielt mykje som har foregått på kulturhuset i dei siste fire vekene. Men det er berre halve sanninga; det er «alltid» mange innom Surnadal kulturhus. Totalt er det stipulert eit besøk på 12684 i den siste månaden på kulturhuset.
Les heile sakaTodalen IL miner om årsmøtet førstkommande torsdag i Todalen Ungdomshus klokka 19. Saksliste finn du her.
Les heile sakaI tråd med vedtak i hovedutval for helse og omsorg 16. mars 2017 blir eit forslag til forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim for Surnadal kommune lagt ut til høyring i perioden 24. mars – 5. mai 2017.
Les heile sakaMåndag presenterte leiinga for SuSu-programmet veldig positive tal fra SSB-statistikken for Indre Nordmøre. I Sunndal og Surnadal samla er det ein auke på 156 nye arbeidsplassar for dei to kommunane, – ein auke på 2,4 % i perioden 2013 – 2016.
Les heile sakaÅrsmøtet var unnagjort på knappe halvtimen, da Todalen historielag samla eit 40-tals medlemar i Todalen ungdomshus. Leiar John Moe klubba gjennom dei godt førebudde årsmøtesakene, med årsmelding, rekneskap og val i tur og orden.
Les heile sakaLaurdag klokka 13 arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan, om du berre vil komme for eit triveleg selskap ein laurdags ettermiddag.
Les heile sakaSurnadal jeger og fiskeforening inviterer no til ein ny runde med jegerprøvekurs. Det vil bli oppstart 3. april kl 18.00 ved Surnadal vidaregåande skule. Det blir til saman 9 samlingar, inkludert på helg. Endelig program blir tilsendt når dette er klart.
Les heile saka