Etter ei lita opprydning i vårt varelager viser det seg at vi fortsatt har att 14 handukar med todalen.no sin logo på, til salg. 2 grå og 12 kvite. Mari Redalen tek i mot bestilling om nokon ønsker å sikre seg ein eller fleire av desse. NB!! På to timar hadde varelageret med handdukar forsvunne kan Mari fortelje, og nye blir desverre ikkje bestilt oppatt.
Les heile saka
Arbeidet på rasstaden i Falla er så smått kome i gang. Per Gjeldnes Maskin jobbar no med gravemaskin og lastebil for å få ut leire og lausmasse, og fyller så på med stein for å prøve å få eit skikkeleg fundament i vegen. På ein bit av vegen er det meste av vegbanen borte, så det er betydeleg med masse som skal til for å fylle opp igjen.
Les heile saka
Først ble Pink Floyd hylla i Surnadal. Så Bruce Springsteen. Og nå er det David Bowie sin tur. David Bowie er kanskje ikke like stor «norgesvenn» som Springsteen. Men som musiker hadde han et større spenn i både låtvalg og image. For å si det sånn; her lover surnadalsmusikerne at alle vil finne sine favorittbiter! Og at det er rikelig av dem.
Les heile saka
Surnadal kino har fått tildelt førpremiere på det som blir julas store familiefilm; «Dyrene i Hakkebakkeskogen»kan Steinar Hasselø ved kulturhuset fortelje. Premieren er først lagt til romjula, så dermed får alle no sjansen førskommande laurdag til å ta en eksklusiv sniktitt kl. 13 og søndag kl. 18.
Les heile saka
Ein fullsett gymsal og vel 30 spente elevar og barnehageborn sette rammene for den årlege tradisjonelle juleavslutninga på Todalen oppvekstsenter no i kveld. Elevane hadde førebudd seg godt i tida før kvelden og framførte både eventyr, songar og andre kunstneriske innslag til dei mange frammøte.
Les heile saka
Har du venta på den tradisjonelle julekonserten i kyrkja, så har du ikkje venta forgjeves. Komande søndag blir det konsertar – først i Todalen kyrkje kl 14 og så i Åsskard kyrkje kl 19. Med fersk CD i lomma, med solistar og orkester inviterer Todalskoret og Åsskard kyrkekor til julekonsertar i dei to kyrkjene og gler seg til å møte publikum.
Les heile saka
Det blir revy 3. juledag i år, og, – revygjengen er i full gang med intense øvingar i Ungdomshuset. Revygjengen tel i år 11 personar, ein godt innarbeidd gjeng med godt humør.
Les heile saka
For november kan vi kan gratulere Ingvild Kårvatn som vinnar med biletet «Storfjellet sitt lekeland». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Det var ei særs jamn avstemning, med «Låg novembersol i Gammerseterdalen» av Jon Bruset mindre enn fem stemmer bak.
Les heile saka
Årets juleavslutning for Todalen oppvekstsenter nærmar seg. Dato er førstkommande torsdag, den 15. desember. Elevane har nok førebudd seg ei lita stund no, og håper at så mange som muleg har høve til å ta seg ein tur på skulen.
Les heile saka
Surnadal kommune har no så smått komme i gang med opplesning av den rasutsette vegen i Falla. Vegen har etter at kommunen var i Todalen før helga no rasa heilt ut.
Les heile saka
Det vart ei triveleg førjulssamling i ungdomshuset søndag. Krafttak for kratt var dagens tema, og jammen vart det eit krafttak. Rundt 25.000 blanke kroner kom inn til aksjonen som skal settast i gang når det lir til vårs. Da skal krattskogen til pers. Kjøkkengjengen fikk salg på 80-90 porsjonar med saltkjøtt og kårabistappe, og det var god stemning og praten gikk lett rundt borda…..
Les heile saka
Stakk innom ungdomshuset for å sjekke stemninga på kjøkenet. På spørsmål om dei trudde det vart nok mat, så bekrefta kokkelauget som består av Elinor og Åse at det blir iallfall nok til 120 personar, så det tok dei rutinerte kokkane heilt med ro….
Les heile saka