Toril Redalen fra Todalen vart som einaste kunsthandverkar i Midt-Norge i går tildelt Statens Kunstnerstipend, arbeidsstipend med maksimal periode på 5 år. På landsbasis vart berre 12 kunsthandverkarar tildelt eit slikt arbeidsstipend. Kun 3 av desse fekk tildeling på 5 år.
Les heile saka
BarneTeatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus tirsdag 28. mars med ein leiken vri på ein av dei store klassikerne, mest med tanke på de yngste. Vi har gratisbillettar om du klarer eit lite spørsmål…
Les heile saka
Kløverturen måndag 27. mars blir ute i Gammelvegen – deler av Svinvikrunden.
Les heile saka
Med temperaturar på over 10 varmegrader har det gått hard ut over snøen i løypetraseen i lysløypa på Tjønnmyra. Barn i løype som skulle arrangerast frå kl 14.00 er derfor avlyst, melder Tove T. Brøndbo i Ski- og friidrettsgruppa.
Denne helga har det vore dugnad på Skihytta. Det har i lang tid vore planlagt å arrangere dugnad for å få på plass ny bordkledning. Fredag ettermiddag starta dugnadsgjengen på 6 mann frå Øyalia, med kurs for skihytta. Eigentleg var det to dugnadsgjengar – ein ut og ein inne. Utegjengen fikk nok føle at vindkasta kan være utruleg sterke på Ørsalmyrane…
Les heile saka
I dag har todalen.no vore på lufta i 2772 dagar. Vel 7 år og 7 månader. Da vi starta nettsataden var eit av måla å ha noko nytt på heimesida kvar einaste dag. Da fann vi ut at eit nytt «dagens bilete» var ei fin løysing. Problemet kom berre til å få nok bilder å publisere, trudde vi. Der viser det seg no at vi tok feil. Våre lesarar har vore fenomenale til å sende inn bidrag av smått og stort, og vi har aldri gått heilt tom. Enno.
Les heile saka
I natt er det tid for å stille klokka til sommartid. Det skjer ved at vi kl 02.00 stiller klokka fram ein time til kl 03.00. Dermed blir natta ein time kortare enn vanleg, og det er ein time vi ikkje får att før til hausten, når klokka blir stilt attende til normaltid igjen. – Ein regel som er lett å hugse er at vi alltid stiller klokka mot sommaren – fram ein time om våren og attende ein time om hausten.
Les heile saka
Det har vore spesielt mykje som har foregått på kulturhuset i dei siste fire vekene. Men det er berre halve sanninga; det er «alltid» mange innom Surnadal kulturhus. Totalt er det stipulert eit besøk på 12684 i den siste månaden på kulturhuset.
Les heile saka
Todalen IL miner om årsmøtet førstkommande torsdag i Todalen Ungdomshus klokka 19. Saksliste finn du her.
Les heile saka
I tråd med vedtak i hovedutval for helse og omsorg 16. mars 2017 blir eit forslag til forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim for Surnadal kommune lagt ut til høyring i perioden 24. mars – 5. mai 2017.
Les heile saka
Måndag presenterte leiinga for SuSu-programmet veldig positive tal fra SSB-statistikken for Indre Nordmøre. I Sunndal og Surnadal samla er det ein auke på 156 nye arbeidsplassar for dei to kommunane, – ein auke på 2,4 % i perioden 2013 – 2016.
Les heile saka
Årsmøtet var unnagjort på knappe halvtimen, da Todalen historielag samla eit 40-tals medlemar i Todalen ungdomshus. Leiar John Moe klubba gjennom dei godt førebudde årsmøtesakene, med årsmelding, rekneskap og val i tur og orden.
Les heile saka