Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hamlets pappa er eit spøkelse

Elinor Bolme Sundag 26. mars 2017

BarneTeatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus tirsdag 28. mars med ein leiken vri på ein av dei store klassikerne, mest med tanke på de yngste. 

Hamlets pappa er eit spøkelse handlar om kva vi gjer når vi har mista den beste personen i heile verda. Ein kan jo ikkje gå rundt og være like lei seg heile tida. Nei, det går faktisk ikkje. Så det er også tid for leik og galskap og tull og tøys og kanskje nokre hemmeligheiter også – hemmeligheiter berre bestevener kan dele med kverandre slik at ein finn ut av det til slutt.

Hamlets pappa er eit spøkelse er ei viktig og leiken forestilling for alle frå 6 år og oppover.

 

Klassekampen tok turen for å dekkje premiera i Ålesund og konkluderte med at skuespillarane «spelar truverdig og energisk, og nyttar seg av publikum der det kan passe. Dei serverer oss lun humor, absurde vendingar […] og ein passe porsjon alvor.»

(Foto alle bilder: Arild Moen, Tingh Kommunikasjon AS)

 

Publisert: 26. mars 2017, 16:03