Måndag kveld vart skøytebanen rydda for snø, og fekk sin første dose med vatn. – Blir det kuldegrader no så blir det skøyteis på asfaltplassen framfor klubbhuset, fortel Knut Bergli og Anders Gjeldnes.
Les heile saka
Måndag kveld vart skøytebanen rydda for snø, og fekk sin første dose med vatn. – Blir det kuldegrader no så blir det skøyteis på asfaltplassen framfor klubbhuset, fortel Knut Bergli og Anders Gjeldnes.
Les heile sakaSurnadal kulturhus startar brått, med teater på torsdag og nyttårskonsert på fredag. For å bidra litt til dei som kunne tenkt seg «både–og», gir Teatret Vårt tilbod om ein ekstra rabatt til dei som går for «vekas kulturelle dobbel»: Viser du fram billett til fredagens nyttårskonsert, vil du få kjøpt teaterbilletten til kr 200.
Les heile sakaTodalen Sanitetsforening er i gang med oppussing av 2 av dei 4 leilighetene i Sanitetshuset. Dei to leilighetene som no får ei oppgradering har ikkje vore oppussa sia huset vart bygd i 1981, så no trongs det ei eit lite løft. Vi trefte Ragnhild A. Moe og Elinor Bolme som var der på dugnad i samband med oppussingsprosjektet.
Les heile sakaNyttårsgudstenesta på nyttårsaftan markerte på mange måtar eit skille. For det første blir kyrkja fristillt frå staten frå årsskiftet, og det gjer at det blir ei likestilling mellom alle tru- og livssynssamfunn i den norske stat. I samband med denne prosessen sluttar vår sokneprest gjennom dei siste 28 åra, Bernt Venås (59) , og fråtrer si stilling som sokneprest i Stangvik prestegjeld.
Les heile sakaDet er alltid spennande å måle aktivitet og samanlikne fjoråret og året i år. Spesielt artig er det dersom tala går i din favør. Det gjer faktisk tala på nettstaden vår – Todalen.no har i 2016 hatt auke i trafikken – slik som tidlegare år. Totalt har vi hatt mesta 444.000 besøk i løpet av […]
Les heile sakaI dag er det kunstutstilling i Skulstua (Gammelskulen). Det er første gongen at Skulstua er bruka til kunstutstilling, og det er kunstnaren Sissel Halset Storslett som stiller ut 22 av sine måleri på denne premieren. – Utstillinga er opa frå kl 12 og utover til kl 16, så det er berre å hive seg rundt og ta ein tur.
Les heile sakaFørstkommande torsdag kjem Teatret Vårt til Surnadal med oppsetjinga «Brevduene». Frå Surnadal kulturhus har vi fått ein liten smakebit på kva som er i vente. I tillegg gir dei oss 4 billettar på forestillinga til våre lesarar som vi deler ut til den som svarar riktig på eit (muligens) enkelt spørsmål.
Les heile sakaNyttårsaften – 31. desember kl. 16:00 – er det gudsteneste i Todalen kyrkje med sokneprest Bernt Venås. Dette blir ei litt spesiell gudsteneste, da vi tek avskjed med sokneprest Bernt Venås som etter så mange års teneste sluttar no til nyttår. Det blir offer til Todalen Sanitetsforening.
Les heile saka6. juledag arrangerte Todalen Idrettslag juletrefest for dei aller minste. Det er ikke tilfeldig av disse juletrefestene er kalla for «springarfester», for det var ein livåt gjeng som møøte til gang rundt juletreet, og ekte nisse som kom på besøk og hadde med seg gåver til alle. – Og jammen trur eg både store og små kosa seg – og tykte det «stod til», dei par timane som juletrefesta varte
Les heile sakaSissel Halset Storslett har nyttårsaften salgsutstilling av maleri i Skulstuå frå kl 12.00 til 16.00. Det vert og sal av kaffe og gode kaker. Alle er velkomne!
Les heile sakaProsjektet Stikk UT! har vorte så godt motteke, at Friluftsrådet Møre og Romsdal no lanserer Stikk UT Ski! i 8 kommunar. Denne nye aktiviteten med registreing av turar for dei med ski på føtene er gjeldande i perioden 1. januar til 17. april, dersom vër og føreforhold er tilstades naturleg vis. Surnadal kommune er sjølvsagt med, og har fått tildelt 3 turmål. Klåberget på Kvanne og Løålikjølen og Garthøgda på Nordmarka.
Les heile sakaSurnadal kulturhus inviterer til sin tradisjonelle nyttårskonsert med TrondheimSolistene fredag 6. januar. Denne gongen har dei med seg Alexander Rybak, og sammen vil dei skape nyttårsstemning ein seint vil gløyme, skriv kulturhuset på si heimeside. Det vil også bli deltaking av elevar frå kulturskulen.
Les heile saka