Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skuleløp for TV-aksjonen 2017 og KløverRUSLEtur!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 28. september 2017

Måndag 2. oktober arranger Todalen oppvekstsenter «SKOLELØP for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Mottoet for aksjonen er: «Løp for hvert barns rett til skolegang!» Inntektene for TV-aksjonen i år går til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til barn som lever i krigs- og konfliktområde i Mali, Colombia, Sør-Sudan, Pakistan og Syria.

Opplegget er slik:

  • Det blir laga ei løype i skuleområdet på om lag 400 m.
  • Barn og vaksne spring/går så mange rundar som dei orkar.
  • Barna kan få foreldre, besteforeldre, naboar, tanter, onklar eller andre til å vere «sponsorar» som betaler ein viss sum for kvar runde barna spring for  TV-aksjonen. Her er innsatsen viktigare enn kronebeløpet.
  • Elevane  har alt lært om temaet for TV-aksjonen og er motiverte til innsats for ei viktig sak.
  • Arrangementet startar kl. 12.00 og er ope for alle. Her kan ein møte opp for å heie, delta i løpet eller kjøpe kaffe og bakels.

KLØVERRUSLETUR

Barn og vaksne ved skulen har fått med seg at Sanitetsforeninga har Kløvertur måndagane. Da dei ønsker flest mogleg «deltakarar» til arrangementet sitt, syntest dei det var ein god ide å invitere Kløverturtrimmarane til  Skuleløp – da blir det fleire til å gjere innsats for ei god sak!

Løypa ved oppvekstsenteret er ikkje lang – rundt om Gammeskulen og inn på skuleplassen. Her kan ein ta seg fram både med rullator og stavar, og ein tek så mange rundar ein sjølv vil. Dette blir triveleg – kjekt å vere i lag på tvers av generasjonar og arbeide saman for eit godt formål!

Alle i bygda er velkomne til å bli med på skuleløpet! Her trengst det både «sponsorar» og heiagjeng for ei god sak!

Frå arkivet til todalen.no.

Publisert: 28. september 2017, 11:27