Redaksjonen oppfordrer alle medlemmane av todalen.no til å sende inn sine arrangement til vår aktivitetskalender. Alle våre medlemmer har fri tilgang til å få lagt inn sine ulike aktiviteter her, men redaksjonen må leggje det inn for den enkelte forening eller bedrift som skal ha for seg noko som våre lesarar kan ha interesse av. Send […]
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening er ikkje kjent for å liggje på latsida, og har allereie starta planlegging av sine aktivitetar for 2017. Mykje skal på plass for den allsidige foreninga som driv både med utleige av leiligheter i Sanitetshuset og frivillig arbeid retta mot kvinners helse og livsvilkår.
Les heile saka
Søndag vart det felt ei jervtispe i Todalen. Det skjedde under åtejakt, og det var ei jervtispe på 9,3 kg fortel Lars Olav Lund frå Statens naturoppsyn til tk.no som skriv at jerven vart felt med eit velretta skot på rundt 45 meter.
Les heile saka
På Brusetsia av Brusetbrua er det ein skade på brukaret, der noko av fyllinga har rasa ut, og rekkverket henger i lause lufta. Det ser ikkje ut som det er nokon umiddelbar fare for meir skade, og skadestaden er godt merka av Mesta.
Les heile saka
Det såg lenge mørkt ut for å få til sjakkturnering denne vinteren. Turneringa har vore høgst uhøgtideleg, men likevel artig for deltakarane som har samla seg i Kaffekroken på Halsbua på søndagskveldar. Søndag kveld starta årets turering og den skal gå 3 søndagskveldar i januar, 2 i februar og 2 i mars – og 2 påskedag blir det storstila finale i Todalen ungdomshus, som er open for publikum.
Les heile saka
For 14. år på rad er det no den 17. januar igjen klart for Surnadal Sparebank sin Næringslivsdag. Ein dag som etter kvart har vorte til ein regional møteplass for næringslivaktørar og andre interesserte i vårt omland. Allerede no er det 200 påmeldte fortel Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.
Les heile saka
Frå nyttår er det Østlie Transport på Vinstra som har kontrakt på den lokale varedistribusjonen frå Talgøs lager på Vinstra. Det er selskapet Talgø Logistikk som driftar lageret på Vinstra, og Østlie Transport har no kontrakt på dei to kjørerutene til Møre og Trøndelag. – Her kjøres Møreruta først i veka og Trøndelagsruta sist i veka. Begge rutene endar i Todalen, der bilen lastar ferdigmåla panel som skal til Vinstra – og vidare ut i den store verda
Les heile saka
TILs løypekomiteen er i gang på oppkjøring av skiløyper. Dei første løypene er klare til bruk, og fredag kveld var løypa frå Kvennset og oppover til ungdomshuset og vidare opp Øyalia klar. Denne veka er det Ivar Bolme som har vakt, og han har fredag køyrt på spor opp Øyalia og opp til Haukåa, og innover til Bjøråa eit stykke utafor Tristeinan.
Les heile saka
Vi har komme over til eit nytt år, og det betyr siste avstemning for månadens bilete i 2016. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke. Vi takkar for alle bidrag […]
Les heile saka
På MøreTre passerte siste tømmerstokken saga i dag. Ein epoke er over, men det er på ingen måte nokon brems på for selskapet som høvlar og sel meir produkter av skurlast enn nokon gong. Sagverket på Møretre er frå 1975, og har dermed gjort teneste gjennom 40 år, og sjølv med ei oppgraderinga av anlegget først på 2000-talet kan vi konstatere at anlegget er utslitt, seier dagleg leiar Hallvard Brusethaug i MøreTre.
Les heile saka
Den siste tida har snømangel hemma aktivitetane i lysløypa på Tjønnmyra. Snøfallet dei siste par dagane, saman med litt kulde har sørga for perfekte forhold i lysløpa etter at Ståle har preparert løypa i dag tidleg.
Les heile saka
Vi har venta lenge på skiføre i lysløypa på Tjønnmyra. Endeleg er det kome nok skiføre til å kjøre på skispor gjennom heile lysløypa, og Ståle Ansnes melder no at lysløypa no er klar til bruk. Dermed er det berre å finne fram skiene og sette i gang.