Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjonsmøte Todalsøran naturreservat 

Elinor Bolme Sundag 1. oktober 2017

Fylkesmannen ved Ola Betten og Solveig Silset Berg inviterer grunneigarar i Todalsøran naturreservat til eit informasjonsmøte. Naboar og andre brukarar er sjølvsagt også velkomne. Bakgrunnen for møtet er at Fylkesmannen ser behovet for nærare informasjon og oppklaring i kor grensene til naturreservatet går.

Dei ser òg at det kan vere eit behov for grensejusteringar enkelte stader. Det vil i tillegg verte informasjon om naturreservatet sine kvalitetar, kva som er lov/ikkje lov i naturreservatet og skjøtsel inkludert tiltak mot framande arter. HAMOS (eventuelt kommunen) vil informere om avfallshandtering og vise til tilboda som finst i kommunen.


Det er utarbeidd ein forvaltningsplan for naturreservatet. Forvaltningsplanen er eit hjelpemiddel for grunneigarane og forvaltninga. Her blir vernereglane utdjupa og den gir konkrete retningslinjer om mellom anna bruk, informasjon og skjøtsel. Planen finn de til eksempel her: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00001961.
Møtet blir arrangert på Todalen Skule måndag 2. oktober kl. 19:30. Det vil verte servert
kaffi m/noko attåt.

Foto: JonO

Først publisert: 1. oktober 2017, 17:00 - Sist oppdatert: 30. september 2017, 09:16