Dette har hendt: Eit eksklusivt opplag av påskeheftet med Vangsgutane er borte frå bakre bakrommet til Halsbua. Verken bak – eller formenn har til no gjeve lyd frå seg. Eller satt spor etter seg. Vil bygda mellom Trollheimsfjella få vite utviklinga av romansen mellom Sterk-Ola og Sigrid før Hønhashjn går åv?
Les heile saka32 stilte til start på Kjerringdilten – Lars Sæther tok pokalen
https://todalen.no/32-stilte-til-start-pa-kjerringdilten-lars-saether-tok-pokalen/
Les heile sakaKraftkar på lestå – del tre
Dette har hendt: Frk. Bladfyk, påskekrimløysar 2015 og 2016, er på åstaden der ein bunke med Vangsgutane med byrjinga på ei kjærleikshistorie mellom Sterk-Ola Bakken og Sigrid Vangen er røva. Vil Kåre og Steinar godta Ola som stefar? Og korleis går det med plakatskrivinga til Handelsmann Nordvik? Jau, her er det berre å henge på!
Les heile sakaSeterrenn uten snø på Nordviksetra – oppdatert
Det 89-ende Seterrennet vil gå over i historien hvor det ikke var snø for skirenn, men en kreativ komité med Ola Magne i spissen hadde lagt opp til et fullverdig arrangement uten ski på bena. Foruten 6 poster med påskequiz var det snøballkasting på blink, opplegging av ved, 40-leken, båltenning, vannbæring, tandemski og nordviksangen, til sammen 13 poster.
Les heile sakaKraftkar på lestå – del to
Dette har hendt: Handelsmann Nordvik har brote saman etter nærkontakt med ei tom pappøskje på det bakre bakrommet. Kvifor? Det er det ingen som har skjønt enno, så her gjeld det å henge med vidare.
Les heile sakaSjakkturneringa snart i mål…
Gruppespel og innleiande konkurransar i sjakkturnering har pågått heile etterjulsvinteren – til saman har 17 personar delteke, og kjempa om finaleplassane. No går turneringa mot slutten, og kvar av dei to gruppene har sine finalistar klare til den store gullfinalen som går i Todalen ungdomshus laurdag 22. april kl 17
Les heile sakaKjerringdilten går som planlagt
Todalen Idrettslag inviterer til Kjerringdilten 2017 på Skihytta. Det skjer langfredag og rennet startar kl 13.00, melder hyttekomiteen. Kjerringdilten har ein lang påsketradisjon, men det såg lenge ut som snøen kom til å forsvinne før påske, men no er no skiføret berga iallfall dei næraste dagane.
Les heile sakaKraftkar på lestå – del 1
Det er påske 2017. Lufta bevar tå søget av vår og det som er i vente. Himmelen – rein og klår. På fjelltoppane ligg snøen enno grå og tjukk som luggen til presidenten over dammen. Folk drøymer om skispor med god gli i kvar ein sving, og at sola skal gje frekner og fine Dagens bilete. Her he du Todalen, ein heilt vanleg vårvinterdag – og det er på tide å ta fatt.
Les heile sakaTursti langs elva – krattrydding
No blir det tursti langs elva – samanhengane sti frå Halsabrua og oppover på nordsida til Trøbakkan. Det står att litt rydding, men i kveld har motorsaga gått jamt og trutt, og det har gått hardt utover småskogen. Prosjektet fortsett i morgon ettermiddag, så har du lyst har du lov….
Les heile sakaMatkroken – opningstider i påska
Før påske, fram til og med onsdag er det vanleg opningstid 9.00 – 18.00. I påska er butikken open på påskeaftan 9.30 – 15.00. Skjærtorsdag og 2. påskedag er det kioskope 16.00 – 18.00, medan langfredag og 1. påskedag er butikken stengt. HalsOil drivstoff selges på kortautomaten heile døgnet heile påska. Ta påskehandelen lokalt!
Kyrkja i påska
Todalen sokneråd arrangerer to gudstenester i påska. Det er vanleg gudsteneste i Todalen kyrkje langfredag 14. april kl 19.30. 2. påskedag – måndag 17. april blir det friluftsgudsteneste med dåpshandling på Haugligardane kl 12.
Les heile saka