Med hausten i full anmarsj er vi klare for å finne vinnaren av månadens bilete for september. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag. Send inn dine bidrag på red@todalen.no eller bruk skjemaet nederst i Dagens bilete-arkivet.
Les heile saka
Tysdag 3. oktober arrangerte Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening det årlege kurset sitt i førstehjelp og brannvern. Om lag 25 personar møtte opp og fekk ein svært nyttig repetisjon både i brannvern og førstehjelp.
Les heile saka
Salmeskatten er felleseige. Det tek Åsskard kyrkje på alvor med «Allsong i kyrkja» onsdag kveld kl. 19.30. Koret «P17» fører an – med «Norsk Salmebok 2013» som meny. «Salmeboka minutt for minutt» på NRK-TV hausten 2014 var ein kjempesuksess som viste kor variert – og populær! – salmekulturen vår er. I tråd med dette er publikum «hovudaktør» i Åsskard denne kvelden, får synge kjente salmer i lag med «P17» og får lære ukjente.
Les heile saka
18.november 2017 blir det arrangert ein kulturhuskonferanse, på Bygdahuset Vonheim i Malmefjorden i regi prosjektet Huset i Bygda. Målgruppa for denne konferansen er organisasjonar og huseigarar frå heile fylket. Temaet for dagen er søknadsskriving og tilskotsordningar, og korleis ein kan auke arrangørkompetansen sin.
Les heile saka
Kveldens folkemøte om Halsetøran naturreservat avslørte at det er behov for både meir informasjon og meir kommunikasjon – Ola Betten og Solveig Berg frå Fylkesmannen i MR signaliserte ei ny tid i tilhøvet til byråkratiet. Både grunneigarane og andre interesserte var invitert til kveldens infomøte i skulen. Dei to frå fylkesmannens kontor signaliserte at dei […]
Les heile saka
Måndag 2. oktober arrangerte Todalen skule «Skoleløp for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Her var det stor innsats og full fart med deltakarar frå 2 år til 96 år! Det er til å bli imponert av!
Les heile saka
Eystein Opdøl saknr nokre sauer som tidlegare i haust har gått mellom Bjøråskaret og Litj-Grinaren. Sauene vart sist observert for ei vekes tid sia, men da dei skulle hentast ned eit par dagar seinare var dei svart borte.
Les heile saka
Mitt navn er Erik, fullverdig medlem i «Høst- og Vinterblotgjengen» til Terje N og Bjørn Halle med rypejakt på Skihytta. Vi er to Eriker der og siden jeg er eldst, har jeg foreslått at navnet mitt skal være Gammel-Erik (kfr parentes nedenfor) for å unngå misforståelser. Navnebyttet er vedtatt og skålt for. Jeg vokste opp på meieriet i Todalen. Allerede i dåpen ble jeg knyttet til Todalen gjennom fadderne mine, Ingeborg og Ola Ansnes i Øya.
Les heile saka
Ein september utanom det vanlege har gjort at mange har benytta seg til å gå mange og fine fjellturar. Ei av dei er Hege Sæterbø Andersen, og ho har sendt oss ein turrapport frå turen ho og Arnhild Bergheim hadde til Virum/Øyakjerringa 28. september.
Les heile saka
Fylkesmannen ved Ola Betten og Solveig Silset Berg inviterer grunneigarar i Todalsøran naturreservat til eit informasjonsmøte. Naboar og andre brukarar er sjølvsagt også velkomne. Bakgrunnen for møtet er at Fylkesmannen ser behovet for nærare informasjon og oppklaring i kor grensene til naturreservatet går.
Les heile saka
Nytt onsdagstreff i Surnadal kulturhus onsdag 11. oktober kl. 13 – og denne gongen om slaktarhistorie for Nordmøre generelt og Surnadal kommune spesielt.
Andreas Sandvik har skrive slaktarhistorien for Nordmøre, og i den nær 560 sider store boka er mykje av stoffet henta frå noverande Surnadal kommune.
Les heile saka
Tordenskjold songlag sørga for skikkeleg stemning med sin franske aften i ungdomshuset. Og når det er fransk aften er sjølvsagt stemninga sterkt prega av Edit Piaf og Les Miserables, og det var også fredagskveldens forestilling i Todalen ungdomshus.
Les heile saka