Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til allsongkveld i Åsskard-kyrkja

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. oktober 2017

Salmeskatten er felleseige. Det tek Åsskard kyrkje på alvor med «Allsong i kyrkja» onsdag kveld kl. 19.30. Koret «P17» fører an – med «Norsk Salmebok 2013» som meny.  «Salmeboka minutt for minutt» på NRK-TV hausten 2014 var ein kjempesuksess som viste kor variert – og populær! – salmekulturen vår er. I tråd med dette er publikum «hovudaktør» i Åsskard denne kvelden, får synge kjente salmer i lag med «P17» og får lære ukjente.

«Prosjekt 17» har som mål «å framføre og formidle song og musikk». Det prøver dei å leva opp til med onsdagens program. Frå venstre Nora Vetleseter Bøe,Øystein Moe, Borghild Talgø, Liv Marit Polden, Einar Husby, Ann Magret Botten, Inger Garthe, Kari Sæther, John Moe, Kirsten Baadnæs Bøe, Per Arne Hyldbakk og Randi Vetleseter Bøe. May-Elisabeth Holten og Gunnvald Bøe er også med i koret. Foto:BGB

Det svingar mellom gammelt og nytt. Tradisjonelle «Alltid freidig» får korstemmer oppå melodien og litt bakgrunnshistorie på kjøpet. Eksempel på fornying er «Fordi han kom» – med tangorytmer i botnen. Gospelprega «Shine Your Light» og irske folketonar går hand i hand. Mellom salmene serverer koret litt frå sin klassiske notebank – Handel, Bach, Mendelssohn og Beethoven. Salmer og sitat etter Martin Luther hører også med.  Koret spanderer kaffe etter songstunda og loddar gratis ut eit par eigne CD-innspelingar.

Først publisert: 3. oktober 2017, 20:50 - Sist oppdatert: 4. oktober 2017, 15:41