No er billettane til julerevyen «#ViÅ» i sal på Matkroken Todalen. No er skrivearbeidet ferdig, og øvinga er godt i gang. No er det berre sensasjonelle hendigar som kan påvirke stoffet til julerevyen, gliser Anders Gjeldnes som er revysjef i år.
Les heile saka
Målet er open veg til jul
Vi står på det vi kan, og målet er å få til open veg forbi Kufalla til jul. Men vi veit ikkje om vi klarer det, for det er store mengder med fjell og anna masse som må vekk. Mykje meir enn vi rekna med da vi starta arbeidet, fortel mannskapet frå Vatn Maskinstasjon.
Les heile saka
Klarstemte juletonar i Todalskyrkja
Søndag ettermiddag inviterte Prosjekt 17-koret til julekonsert. Først i Todalskyrkja kl. 15, og så i Åsskard kyrkje utpå kvelden. For den som ikkje har fått det med seg, så er Prosjekt 17-koret fortsettinga av Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Bøfjord mannskor. Før dirigenten for dei 3 kora pensjonerte seg, var korsongen ein del av organistjobben i Stangvik prestegjeld, men no er dette omorganisert. – Spesielt for konserten var P17-koret forsterka med strykeorkester, og med Sigrid Vetlesæter Bøe (sopran) og Torunn Kroknes (mezzosopran/alt).
Les heile saka
Gudstenesta på julaften – kl 14:00
Julaftan – 24. desember – blir det tradisjonell gudsteneste i Todalen kyrkje. Det er Kirsti Hjørnevik som held gudstenesta, som startar kl 14.00 – ein halv time seinare enn tidlegare annonsert i kalenderen.
Les heile sakaJuleavslutning på skulen
Onsdag kveld er heile bygda invitert til juleavslutning på Todalen Oppvekstsenter.
Les heile saka
Alf Søyset hedra for sin innsats i Tysklandsbrigaden
Tirsdag 12. desember var det den årlige julelunsjen på Jørstadmoen militærleir, med 280 ansatte og inviterte gjester. Her var det også utdeling av ulike medaljer til veteraner som hadde tjenestegjort i ulike internasjonale operasjoner og som ikke tidligere har fått sine medaljer.
Les heile saka
Lei av at søppelet flyt
Ein litt irritert lesar har gjentatte gongar observert søppel flytande utanfor Hamos sin container på nordsida av Talgøfabrikken. Dette er opprinneleg ein søppelcontainer for hytterenovasjon for Surnadal kommune, men blir kanskje av og til bruka av andre også. I går kveld låg det nok eig gong ein svartsekk med søppel utanfor containeren.
Les heile saka
Bekmørkt i den frakkaste julegata….
Kven har teke den fjerde nissen?? Er det Frøken Bladfyk som har teke julefreden med ein smell?? Og er det sååå strevsamt å væra nissemann at lufta har gått ut to veker FØR julaftan? Spørsmåla er mange på Kvendsetgarden for tida etter at både nissar og den frakkaste julegatå i bøgd’n har teke kvelden og vorte beksvart. Handelsmannen gjer nok gode pengar på auka kaffesal i kaffekroken da det er litt av eit kaffekrokmysterium.
Les heile saka
Med luciatog og lussekatter til barnehagen
I dag har 1.-4.trinn på Todalen skule baka lussekatter og gått Lucia i barnehagen og på skulen. Og vi har fått oversendt nokre stemningsbilete.
Les heile sakaIdrettslaget avslutter solariumsdriften
I flere år har Todalen IL drevet et solarium i forbindelse med Hett & Svett. En løsning man oppgraderte i 2015 med ny sol og etterhvert med nytt låssystem i vår – tilpasset krav fra offentlige myndigheter.
Les heile saka
Bli med forsvarsforeningen til Nidarosdomen
Indre Nordmøre forsvarsforening minner om Forsvarets julegudstjeneste i Nidarosdomen onsdag 20. desember kl. 11.00. Det er ingen påmelding i år, vi tar rutebussen (FRAM-buss) fra Skei kl. 07.50 til Trondheim melder Lars J. Bævre i en epost til redaksjonen.
Les heile saka
Søndag kl 15: Julemusikk for alle
Nystarta «Prosjekt 17» byr på julemusikk for kvar smak når dei inviterer til konsertar i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag.
– Kom og syng julesongar med orkester og med oss! seier arrangør-koret. Forsamlinga er nemleg viktig aktør i opplegget – samtidig som solistar, kor og musikarar lovar både julegospel og smak av oratorium.
Les heile saka