Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skikkeleg respons på Nordvik-historia

Jon Olav Ørsal Sundag 27. august 2017

Stangvik historielag fikk skikkeleg respons på sitt arrangement med historisk vandring på Nordvik, der mellom 50 og 60 deltakarar stilte opp søndag føremiddag.  Det var oppmøte i tunet i Nistua, der vi fikk førstehands innføring i historia om Nordvik meieri, Nordvik smørlag og om Postens historie på Nordvik.  Alt dette er borte no, men minnet lever vidare og minnet er det viktig å ta vare på.

Les heile saka

Sterke lokale prestasjonar i Birken

Elinor Bolme Laurdag 26. august 2017

Birkebeinerrittet vart i dag arrangert for 25. gong med fleire lokale utøvarar på startstreken. Håvard Gjeldnes var den einaste av dei 15 deltakarane som stilte i eliteklassen. Og det resulterte i ein sterk 37. plass på tida 2:41:46, med 72 personar på startstreken i herreklassen.

Les heile saka

Fotballminner i fleng

Elinor Bolme Laurdag 26. august 2017

Med over 80 frivillige i aksjon og rundt 560 fotballglade ungar fordelt på 80 ulike fotballag var rammene for ein triveleg og godt gjennomført Søyacup sett nok ein gong. IL Søya er rutinerte arrangørar, og hadde tnaturleg vis også fullklaff med vêret på Kvanne.

Les heile saka

Med Folden i Todalsfjella…

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. august 2017

Harald Egil Folden er kjent for sine fjellturer og mange fine fjellbilder  – spesielt fra turer i Trollheimen. Denne uken har han vært på tur i Todalsfjella, og har sendt oss en epost med mange fine bilder.  Han skriv…

Les heile saka

Aksjon skuleveg i Todalen

Elinor Bolme Laurdag 26. august 2017

Todalen Oppvekstsenter fekk overraskande besøk av politiet på torsdag i høve Aksjon skuleveg! Dei ville informere om sykkelreglar og trafikkreglar no ved skulestart -da det er mange små på vegane. Ungane svara velvillig, hadde kunnskapen i orden og kom med mange spørsmål.

Les heile saka

Satsar på Agrisjå 2017

Jon Olav Ørsal Fredag 25. august 2017

Talgø MøreTre er på plass i Stjørdal, der landbruksutstillinga Agrisjå 2017 startar i dag.  Dei siste dagane har det vore jobba på spreng for å få på plass utstillinga som spesielt har fokus på landbruksbygg i tre, basert på Møre Royal. Det er venta mykje besøk på Agrisjå 2017, både frå nærområdet og frå resten av landet. Frå Surnadal arrangere dei lokale bondelaga busstur til messa.

Les heile saka

Rusletur oppå Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Torsdag 24. august 2017

Kløverturgruppa i Sanitetsforeninga inviterer måndag 28. august til rusletur oppå Tjønnmyrå. Her har idrettslaget dei siste åra arbeidd opp eit fint anlegg med stor gapahuk med bord og benkar og fine løypetrasear. Om vinteren er det lysløype, men no er det fine grusvegar som passar godt til rusleturar. Her kan ein ta seg fram både med rullator,

Les heile saka

Tur til folldalen og Aunesetra

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. august 2017

Denne veka gikk stavgangturen til Folldalen, der heile gjengen var invitert til Aunesetra. Det var eigaren, Odd Birger Aune, som tok i mot og som orienterte om setra og seterdrifta på Aunesetra. 

Les heile saka

Verdiskaperprisen for 2017 til Talgø MøreTre

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. august 2017

På dagens verdiskaperkonferanse i Kristiansund ble Talgø MøreTre tildelt verdiskaperprisen for næringsliv og kr 100.000.  Det ble i år delt ut to Verdiskaperpriser – en til næringslivet som altså Talgø MøreTre fikk og en til kultur som Peder Rensvik fikk sammen med sin kone Margaret. Rensvik fikk også Knutzon ærespris i tillegg.

Les heile saka

Vil du lære meir om data og databruk?

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. august 2017

Dataklubben til Surnadal Pensjonistlag startar opp etter ferien! møt opp på Biblioteket i Kulturhuset onsdag 30.8. kl 1100.
Både gamle og nye datainteressert er velkomne, melder styret i Surnadal pensjonistlag.



Skifta ut jordkabel som var skadd…

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. august 2017

Onsdag Svorka Energi kabelarbeid i Husbygrenda – feil på ein jordkabel gjorde at kabelen rett og slett måtte skiftast ut med ein ny.  Kabelen som vart skifta ut var av gamal type og var lagt ned på nittitalet ein gong.

Les heile saka