Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverrusletur ved Gammelfabrikken

Dordi Jorunn Halle Fredag 8. juni 2018

Måndag 11. juni inviterer Saniteten til Kløverrusletur ved Gammelfabrikken, Fossheim. Her er det fint å gå rundt ved fabrikken eller utover vegen i retning Trudvang for rullatorbrukarar og andre som vil halde seg på flata.

Ønsker ein gå ein brattare og lengre tur, kan ein gå i retning Tjønnmyrane eller Talgø eller ein runde ved fossen. Etter trimturen blir det kaffelag, graut og bakels og anna godt til kaffien.

Opplegg:

  • Vi tilbyr skyss frå heimen og til Gammelfabrikken.
  • Den som treng skyss, kan ta kontakt med Dordi Jorunn Halle, tlf.: 92 45 80 07.
  • Vi møtest ved Hals kl. 11:00 og samlast ved Gammelfabrikken kl. 11.15.
  • Kaffelag med sosialt samver.

Vi håpar riktig mange, både herrar og damer, har lyst til å bli med på Kløvertur.

Alle er velkomne!

Men: Blir det dårleg ver, blir det base ved Sanitetshuset og tur rundt i byggefeltet. Kanskje nokon vil ta ein tur opp til Løfta.

Det er fint og triveleg uteområde ved Gammelfabrikken. Foto frå arkivet.

Først publisert: 8. juni 2018, 08:00 - Sist oppdatert: 7. juni 2018, 23:45