Den kjente gitaristen i Pink Floyd har oppsøkt kanskje det mest klassiske konsertstedet for supergruppa. Nå kan du få være med på konsert med David Gilmour i Pompeii. For Surnadal kino har valgt å overføre opptak fra konserten(e) onsdag 13. september (verdenspremiere).
Les heile saka
Fredag kveld var ein gjeng frå Todalen elveeigarlag ute på stamlaksfiske, og denne kvelden gjorde dei eit skikkeleg scoop og samla inn heile 19 laksar til avlsarbeidet. Stamlaksfiske foregikk i Øvre- og Nedre hølen nedafor Brusetnesset.
Les heile saka
Surnadal kulturhus startar oppatt med «onsdagstreff» og først ute er framsyning av den gode krigsfilmen «Dunkirk» – servert med kaffe og ein godbit i etterkant.
«Onsdagstreffa» er mest med tanke på dei som har tid, eller helst vil, oppleve noko på dagtid – og innhaldet vil variere med alt frå foredrag, til kino og levande kultur.
Les heile saka
Surnadal Røde Kors – Omsorg ønsker velkomne ettermiddagskaffe i Røde Kors-huset på Bøvra førstkomande tysdag kl 14:00 til vanleg tid kl 14.00. – og ønskjer både nye og gamle deltakere velkomne!
Les heile saka
Todalen IL minner om muligheitene til å ta buss frå Bordholmen til Leikvoll på søndag i forbindelse med Trollheimsmarsjen.
Bussen har tre avgangar frå Bordholmen.
Les heile saka
Døra inn til kjøkkenet på Bordholmen var i dag ramponert når Knut Bergli ankom på ettermiddagen. Dørbladet var øydelagt ved låsen, slik at ein enkelt kunne låse opp døra og ta seg inn på kjøkenet. Ingen ting ser ut til å mangle, men så er det heller dårleg med utstyr med verdi på kjøkenet fortel Knut. – Politiet er informert om saka, og dei ber om tips.
Les heile saka
Denne veka har stavganggruppa besøkt Todalen. Med Bordholmen stadion som samlingspunkt vart det tur utafor allfarveg i dag, da ruta var lagt etter stien som går frå Halsabrua og oppover etter elvekanten til stien kjem inn på fylkesvegen igjen ved Trøbakkan og kunne sette kursen mot Bordholmen igjen.
Les heile saka
Prosjektkoret 2017 er meir eller mindre ei fortsetting av Todalskoret, eller kanskje vi heller skal seie felleskoret med Åsskard kyrkjekor. Det er framleis Bernt Bøe som er dirigent og musikalsk leiar, men har no ei friare tilknyting etter at han vart pensjonist. Onsdag 13. september kl 19.00 inviterer koret til «haustsongkveld» i Todalen ungdomshus.
Les heile saka
Onsdag kveld møttest G 10 Todalen/Søya og Bøfjorden/Bøverfjord til fotballkamp på Bordholmen. Det var stor innsats og gode prestasjonar frå båe laga, dei unge fotballspelarane var ivrige og flinke.
Les heile saka
Todalen IL planlegger en Premier League dag i Ungdomshuset førstkommende lørdag 9. september. Dørene åpnes ca kl 13:00, og første kamp starter kl 13:30 mellom Manchester City og Liverpool FC. Deretter følger hovedkampen – Everton FC mot Tottenham Hotspur kl 16:00, og avsluttes med Stoke City mot Manchester United kl 18:30.
Les heile saka
Første måndagen i september vart nok ein finversdag med godt og lagleg turver; passeleg med sol og varme. Bortimot 20 personar var med på dagens Kløvertur på Kårvatn.
Les heile saka
Kl 18 blir det lokaloppgjør i klassen G10 på Bordholmen. Da spelar Søya/Todalen mot Bøfjord/Bæverfjord. Kiosken er naturleg vis åpen med høve til å kjøpe seg både ettermiddagskaffe og bakels og graut.