Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forsiktig start på laksefisket i Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 15. juni 2018

Eit trettitals laksefiskere var på plass i Toåa da starten på årets laksefiske kom i gang ved midnatt. Vi tok ein liten runde i elva sammen med styret i Todalen elveeigarlag som var ute for å sjkke hvordan overgangen til digitalt salg av fiskekort virket. Samtlige som vart kontrollert hadde gyldig fiskekort, fortalte leiar i Todalen elveeigarlag Asbjørn Karlsen.

Jascha Gerwins prøva å få laksen på kroken i Fosstrøinn. Foto: Jon Olav Ørsal

Karlsen fortalte at laget har forenkla salet av fiskekort som no foregår som netthandel på portalen Inatur.no der du både kan kjøpe fiskekort og etterpå rapportere eventuell fangst. Du har rett og slett ein app på telefonen der du handterer både kjøp og rapportering og har full oversikt. Full oversikt har også elveeigarlaget, og det er derfor lettvint å utføre kontrollar i elva, seier Karlsen.

Da vi avslutta rundturen i elva var det ennå ingen fangst som var rapportert til elveeigarlaget, men det var heller ikke venta nokon stor fangst så lenge det er så lita vassføring i elva. Ved målestasjonen ved Storfossen er det målt rundt 4 m3/sek og det er i minste laget for laksefisket. Med det blir vel ette kvart litt nedbør, slik at vassføringa kjem opp på akseptabelt nivå.    

carsten Bohle gjør seg klar for laksefiske i Fosstrøinn. Foto: Jon Olav Ørsal

Styret i Todalen elveeigarlag var ute på kontrollrunde i samband med innføringa digital netthandel på fiskekort som laget har innført. Foto: Jon Olav Ørsal

Veteranar i Toåa – Johan Nygård og Bjørn Anthony er veteranar i Toåa. Her gjer dei seg klar for fiske i Raudåhølen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. juni 2018, 01:27