I årenes løp har det blitt mange trivelige turer i Todalen. Det ble det også denne dagen, tirsdag 26. september. 21 turgåere fikk en fin tur i et praktfullt høstlandskap
Les heile saka
I årenes løp har det blitt mange trivelige turer i Todalen. Det ble det også denne dagen, tirsdag 26. september. 21 turgåere fikk en fin tur i et praktfullt høstlandskap
Les heile sakaSiste måndagen i september var det duka for ny Kløverrusletur. Sola skein frå skyfri himmel og det var ikkje ein gong vind på Kvennsetørå – ideelt turver!
Les heile sakastarten da Coop kjøpte den meir eller mindre havarerte ICA-kjeda var det provisoriske skilt på veggene på hals-butikken. No er Norsk butikkdrift godt i gang, og har befesta stillinga i Norge på bekostning av mellom anna Rema1000.
Les heile sakaDenne veka har det vore gjennomført eit kunstprosjekt i Svinviks arboret. Pilfletting har stått i fokus, og det har vore kunstnarane Jorun Kraft Mo og Marit Moen som har vore prosjektleiarar, medan deltakarane i prosjektet har vore lærarar og andre som har lyst til å lære denne kunsten – mellom anna har Start 4H vore aktive deltakarar i programmet.
Les heile sakaSurnadal pensjonistlag og Eldrerådet markerer Den internasjonale eldredagen på Surnadal kulturhus den 6. oktober kl 11.00, der dei inviterer til middag og underhalning. Alle er velkomne til å bli med på arrangementet, der det er inngangspengar på kr 150. Påmelding til Jorunn Ness, tlf. 90151989 innan 4. oktober.
Hjortjakta er godt i gang, men så langt har det ikkje vore så stor aktivitet. Hittil er det stort sett Kårvatn Jaktlag som så langt i jakta kan vise til resultat, medan Kvennset felte ein spissbukk forrige helg. Sist laurdag gikk imidlertid storhjorten i garnet på Sørsida jaktlag. Vekta viste 143 kg etter at hjorten var slakta, og det skal være ein av dei største som er felt på Sørsida i nyare tid.
Les heile sakaÅrets Demensaksjon i Surnadal kommune ga full pott – kr 110.960,00, og sjølvsagt ny rekord, fortel Liv Botten i Surnadal Demensforening til Todalen.no. Innsamlingsaksjonen er no avslutta, og Liv helsar med stor takk til årets russekull ved Surnadal Vidaregåande skole og til andre som har vore til stor hjelp under innsamlingsaksjonen. På bildet er russen samla til kos med sjokoladekake etter at innsamlingsaksjonen var avslutta.
Brannvernveka er ei brannøving som foregår på alle brannstasjonar over heile landet, og som blir runda av med open dag på alle brannstasjonar i dag. Open dag var det sjølvsagt på brannstasjonen i Todalen og, der det var mange som var innom for å sjå og høre om kva du kan bidra med i heimen.
Les heile sakaMåndag 25. september er det Kløverrusletur. Denne dagen går turen rundt om i Kvennsetøran bustadfelt, eventuelt innover skogsvegen som startar nedanfor Myrmo. Her kan ein rusle rundt både med stavar, rullator eller krykkjer.
Les heile sakaSvinviks arboret minner om ope hus som avslutning på kunstprosjektet i arboretet denne veka. Da blir det mulegheit både for å sjå på og prøve pilflettarkunsten sjølve.
Denne veka er det den nasjonale brannvernveka, der det er brannvernaktiviteter over heile landet. Her i kommune har det vore mange aktivitetar, mellom anna retta mot skuleane i kommunen. Laurdag er det opne brannstasjonar både i Todalen, på Kvanne og på hovudstasjonen i Røtet. Da er stasjonane opne frå kl 11 til kl 14 for dei som ønskjer å kome innom for å sjå.