Laurdag 28. oktober inviteres du til fest i Surnadal Idrettshall. Da kan du kome til Surnadal Idrettshall for å delta i Sirkus SUSU, som er ei markering av samarbeidet mellom Surnadal kommune og Sunndal kommune for å utvikle næringsliv og kulturliv i dei to kommunane. Det blir eit allsidig program i Idrettshallen denne dagen mellom kl 14 og kl 18, med bedriftspresentasjoner, lokal mat, kulturinnslag og andre messeaktiviteter ute og inne – og det er gratis
Les heile saka
Laurdag 28. oktober er det klart for årets høgdepunkt i Start 4H i Todalen skule. Da blir det haustfest, og det blir nok litt ekstra stas, ettersom Start 4H i disse dager kan feire 50-årsjubileum. Haustfest og jubileum startar alt kl 14 og dei har både utstillingar og mykje program å by på.
Les heile saka
Avgangselevane ved Surnadal videregåande skole fekk i dag informasjon om den viktige meningokokkvaksinen som dei er anbefalt å ta no i forbindelse med russetida og øvrige festligheiter, av helsesøster Ingunn Brekke. Vaksina hindrar smittsom hjernehinnebetennelse som av og til kan ha dødelig utgang om den ikkje blir behandla raskt nok for ein som ikkje er vaksinert kunne helsesøster fortelle. Ho oppfordra derfor ungdomane til å vaksinere seg slik at ingen blir ramma av sjukdommen.
Les heile saka
I kveldinga kan vi sjå på heimesida til NRK sin innsamlingsaksjon at det no er innkome vel 203 000 kroner av snart 60 millionar så langt i årets TV-aksjon. Eit tal som til og med vil doble seg før siste oppteljing er ferdig. I Todalen var 6 bøssebærarar på plass og starta på sin runde klokka 14.
Les heile saka
Kløverturen måndag 23. oktober blir etter fin skogsveg i liene ovafor Nordvik. Oppmøte ved Halsbua kl. 11:00, samkjøring derifrå utover til Nordvik, der vi kjører eit stykke oppover skogsvegen som startar ute i «Rabban». Skogsvegen går i retning Åsbøsnyta, men det er ikkje målet for turen, vi skal ikkje gå så langt. Eit stykke oppe i lia er […]
Les heile saka
Todalsfjordprosjektet, Rambjørsvegen, Trollheimstunellen, Trollheimsbrua – kjært barn har mange namn. Den tverrfjordlege forbindelsen har iallfall vore diskutert både att og fram i Kaffekroken på Halsbua. Det har vore både positive og negative signal som har kome – og massevise av nye idear og utkast til nye trasear og løysingar for prosjektet. No er imidlertid prosjektet på førsteplass på lista….
Les heile saka
Ragnhild og John Moe hadde laurdag fyrt opp bakerovnen dei har ståande ute i tunet på Kvernhaugen. Ovnen var fyrt opp med bjørkeved, og det var over 300 grader i varmemagasinet. Etter at aske og rusk var sopa ut, var det klart for å sette i gang og steke. Og når du først har fått opp varmen, så heldt den ei god stund og leverte 70-80 grander enno etter eit døgn.
Les heile saka
Denne veka er det sparing for alle pengane som er fokus hos Surnadal Sparebank. I dag byrjar den tradisjonelle sparebankveka der ungane kan komme å få tømt sparegrisen sin. Laurdag er hovedarrangementet, der banken får besøk av Vennebyen med sitt show kl. 11.00 og kl. 13.00. Ellers blir det naturlig vis litt servering og flotte sparepremier til ungane.
Les heile saka
No skal maskinene til Per Gjeldnes Maskin få tak over hovudet. På tomta til Todalen Industribygg bygges det no garasjeanlegg på rundt 650 m2, der det skal bli plass til det meste av maskinparken som selskapet har.
Les heile saka
Berit Nordstrand kommer med foredraget «Ta vare på deg selv» onsdag 1. november kl. 19.00. 6-barnsmora, livsnyteren og legen er kjent som en lidenskapelig foredragsholder. 1. november kommer hun altså til Surnadal kulturhus for å fortelle hvordan du, med enkle grep, kan skape positive forandringer i livet ditt.
Les heile saka
Alle som har fulgt med på nyheitssending både i riksmedia og lokale media har lest om dei store skogbrannane i California og korleis det har påvirka kvardagen til fleire tusen familiar som har mista hus og heim. Todalingen Birgitte Kvendset og familien – Alberto og Madelin – mista alt dei åtte, og må no starte på nytt.
Les heile saka
Etter at Kristin Sørheim tok det første formelle spatake, og dermed starta opp arbeidet med Nordøyvegen, så er Todalsfjordprosjektet nr 1 av større vegprosjekt i Møre og Romsdal. No er vi neste, det bekrefta fylkestinget denne veka og det er det ikkje nokon tvil om, seier ordførarane i Sunndal og Surnadal – Ståle Refsti og Lilly Gunn Nyheim. I dag skala dem i (alkoholfri) champagne under pressekonferansen på Kvanne.
Les heile saka