Todalen sokneråd har fått Vipps og det er no mogleg å gje både takkoffer og pengegåve til soknerådet med Vipps. Todalen sokneråd finn du enten ved søk i Vipps eller ved å bruke kode 506908.
Les heile saka
Todalen sokneråd har fått Vipps og det er no mogleg å gje både takkoffer og pengegåve til soknerådet med Vipps. Todalen sokneråd finn du enten ved søk i Vipps eller ved å bruke kode 506908.
Les heile sakaMåndag var vi på besøk i Nordvik forsamlingshus, der ein gjeng var i gang med hogstkurs. Første dagen var det teori, med opplæring i hogstteknikk og stell av motorsag. Dei to siste dagane bar det ut i skogen for å praktisere det dei har lært og for å øve inn den rette teknikken.
Les heile sakaFørstkommande laurdag blir det nok ein gong strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Les heile sakaKomande søndag, 25. februar, er det 2. søndag i fastetida. Da er det tillyst gudsteneste i Todalen kyrkje, med sokneprest Kristin Strand som liturg. Etter gudstenesta blir det årsmøte for Todalen sokn. Takkoffer til Kyrkjebladet.
Les heile sakaFørste helga på mars står Todalen I.L. som arrangør av norgescup i randonée i Dalalia på Kårvatn. Heilt sidan 2010 har Todalen I.L. stått som arrangør av både uoffisielle og offisielle norgesmeisterskap og norgescup-renn, og står faktisk på terskelen til å få internasjonale arrangement, fortel rennleiar Nils Ove Bruset.
Les heile sakaEtter langt eit opphald med julehelg og «mørketid» er det på nytt tid for Kløverturar i regi av Sanitetsforeninga i Todalen. Måndag 19. februar gjekk tur nummer to i 2018 av stabelen.
Les heile sakaDa vi stakk innom Nordvik forsamlingshus i dag var det just ingen vinterferie. 5 kursdeltakarar og ein instruktør var samla rundt bordet, der dei mekka på kvar si motorsag. Dei 5 – var 4 menn og 1 dame, som jobba med skrujarn og skruvnøkkel for å lære det mest elementære med stell av motorsag. Viktig å halde utstyret i orden når ein skal drive med skogsarbeid, og all best er det å gjæra det sjølv, sa instruktør Ingebrigt Landsem.
Les heile sakaMåndag 19. februar er det ny Kløvertur. Da går turen frå Ungdomshuset og etter skogsvegen oppover Øyalia.
Les heile sakaOm Markus og Tor Asbjørn er inspirert av skogsdrifta i Halsetlia eller om dei har henta inspirasjonen frå anna hold, det veit ikkje vi. Men ambisjonane var i allfall på plass, og dei ga klart uttrykk for at det gikk mot ein travel vinterferie. Dei to driv si eiga skogsbedrift og stakk innom redaksjonen for å levere første bestilling. I staden for ein stor lasteberar, bruka dei eit gammelt akebrett som sikkert er mykje billigare i drift.
Les heile sakaSøndag 18.febr.kl.18.00 ,blir det konsert med Nordmøre Spelmannslag og Damekoret Credo i Ranes kyrkje. Musikken som vi får høyre ber i seg mykje «levd liv» alt frå lengsel og håp , glede og sorg .Det er slitesterke melodiar i dur og moll som har levd gjennom generasjonar.
Les heile sakaOla Bolme går i vinter på Kristiansund videregående skule, der han er under opplæring som bilmekanikar Vg2. Ola har nok hamna på rette hylla når han satsa på yrkesfag med køyretøy, for denne veka gikk han heilt til topps og vart fylkesmeister i faget. I midten av april set Ola og læraren Einar Engvik kursen til Hamar for å delta i landsfinalen der.
Les heile sakaFleire fekk seg kanskje ei overrasking på tur it av bygda i dag etter at dei passerte Elskarberget. Der hadde nemleg ein større istapp lausna og ramla ned i vegbanen. Mesta var ute for eit par veker sidan og slo ned is både utover stranda og andre stader i kommunen, men enno kan det vere […]
Les heile saka