Laurdag kl 13 blir vårens siste strikkekafé arrangert i Todalen Sanitetshus. Det er eit åpent arrangement for alle som har lyst til å treffast og ha det kjekt i lag. Med eller utan strikking eller anna handarbeid.
Les heile saka
Kløvertur utover til Nessahaugen
Endeleg vart det litt i vår i lufta og mestå berre vegar slik at Kløverturgjengen kunne gå trygt og godt utan broddar og joggepiggskor – godt!
Les heile saka
Bli med på fotokurs i Todalen!
Styret i todalen.no har engasjert Surnadal Fotoklubb til å lage eit lågterskel fotokurs til oss. Tittelen er: Enkel innføring, nå også for dei med mobil. Dette fordi dei aller fleste av oss brukar telefonen til det aller meste, også som fotoapparat.
Les heile saka
Medlemsmøte
Surnadal Pensjonistlaget har medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 10.4 kl 15.00. Det blir vanlege møtesaker, quiz, song og musikk. Og naturleg vis servering og loddsalg.
Vel møtt!

P17-koret – Vårsongfest med celebert besøk
Tradisjonelt har det vore fast program med vårsongfest i Bøfjorden grendehus kvar 1. mai. I år passa det best å arrangere dette no, og tradisjon tru har Bernt Bøe klart å samla varierte underhaldningskrefter til arrangementet.
Les heile saka
Bra trafikk på Svinvikrunden
No når vinteren slepper taket og våren tek over er det mange som stundar på å starte friluftslivet, med turar i skog og mark. Svinvikrunden har for så vidt vore bruka som turmål i heile vinter, men trafikken tek litt meir av no som det etter kvart blir barmark.
Les heile saka
I.I. Søya – imponerande løypenett med utspring frå Vang skistadion
På tampen av sesongen er det mange plassar snart slutt på vinterføret. Ein snartur innom I.L. Søyas løypenett som har utspring frå området ved Vang skistadion fikk oss til å revurdere den oppfatninga. Her er det enno mykje skiføre, og eit imponerande løypenett står til disposisjon for den som har lyst på ein skitur – eller rett og slett ein topptur til Strengen.
Les heile saka
Kløverturen startar vårsesongen
Måndag 9. april blir det Kløvertur – da er påskeferien slutt. Som vanleg er det oppmøte ved Hals og turen startar kl. 11.00.
Les heile saka
Trudy & Dave med flott debutsingle
Trudy & Dave kjenner vi kanskje ikkje, men ser du på biletet ein gong til så oppdagar du nok at det er kjentfolk frå Todalshytta – Johanna Demker og Alf Bretteville-Jensen. No har dei formalisert samarbeidet på scena og kallar seg altså Trudy & Dave, og har nettopp lansert sin debutsingle «Force Of Nature», som kom til verden ved gapahuken i Fosstrøinn i Todalen.
Les heile saka
Rute 46: Tekniske problem for Fjord1
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Avgangen fra Kvanne 21:00 og 21:30, samt fra Rykkjem 21:15 og 22:15 blir i kveld innstilt pga teknisk problem, melder Fjord1
Frå kl 22.30 er det normal drift i sambandet igjen.
Naturens «skrik» vant månadens bilete for mars
Med god margin vart det Magne Søyseth sitt Naturens «skrik» som gjekk til topps på årets tredje kåring. Vi gratulerer og lovar å koma innom med premie. Har du eitt bilete på lur, så send det inn til oss på red@todalen.no Kanskje sitt du med eitt bilde i papirform som kunne passa som dagens bilde? […]
Les heile sakaDataklubben med oppstart etter påske
Dataklubben til pensjonistlaget har treff på biblioteket på Skei onsdag 11.4. kl 1100, melder Kristian Ranes. Han fortel at dei denne gongen vil få vitjing av 2 representanter frå NAV. Ellers vil den populære dataklubben ta sikte på å treffast kvar onsdag framover, ut mai.
Les heile saka